Ny millionstoette til robot og krillsatsing
FÅR STØTTE: Currence Robotics som jobbar med å automatisere daglegvarebransjen, og Stig Remøy si krillsatsing i Rimfrost får forskingsstøtte.
Nytt

Ny millionstøtte til robot- og krillsatsing

Rimfrost og Currence Robotics mellom dei som får støtte frå forskingsfond.

Marius Rosbach
09.10.2020
Styret i Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal har løyvd pengar til ein rekke prosjekt på bakgrunn av søknadar som kom inn i sommar og tidlegare i haust.
11 prosjekt får til saman 13,6 millionar kroner i denne omgang. Mellom mottakarane er Sula-selskapet Currence Robotics, som utviklar robotar for daglegvarebransjen.
«Optimal volumutnyttelse i grossistbransjen med bruk av kunstig intelligens», heiter det om prosjektet dei har fått 2,1 millionar kroner i støtte til. Arbeidet skjer i samarbeid med Sintef.

Krill, ÅKP og Møreforsking

Også Stig Remøy si krillsatsing i Rimfrost får 1,5 millionar i støtte for å jobbe med ein «ny hydrolyseprosess for krill til humant konsum», i samarbeid med Sintef Ocean.
Både og har også tidlegare fått forskingsstøtte for prosjekt dei har gåande.
Mellom andre er ÅKP/NCE Blue Legasea som får 700.000 kroner for å forske på effektiv og bærekraftig utnyttelse av sidestrømsprodukter og Møreforsking som har fått same sum til ei pilotlinje for kommersiell utnytting av sildemelde.

30 millionar til forsking i fylket

Grunna pandemien har Møre og Romsdal fylkeskommune og Kunnskapsdepartementet løyv ekstraordinære tilskot slik at ramma for forskingsprosjekt i fylket er på 30 millionar kroner.
Så langt i år har Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal delt ut 25,2 millionar og mottakarane får dekka mellom 50 og 70 prosent av kostnadane. Fondet skal styrke forskingsevna i fylket gjennom tilskot til forskingsprosjekt og auka FoU-innsats, og det er Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga.

Les også:




Publisert: 09.10.2020 15:48

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:43