Ny Polarisopptur på Nordvestlandet
Papirannonser og fleire abonnentar trekkjer resultatet opp for Polaris-avisene på Nordvestlandet.
Medan digitale annonseinntekter - målt i kroner - aukar mest hos resten av regionselskapa i Polaris Media-konsernet er det inntektene frå papirannonsene som hadde størst auke i Polaris Nordvestlandet i 2. kvartal.
Inntektene frå papirannonser auka med 4,8 millionar kroner i 2. kvartal - til 22,8 millionar kroner - samanlikna med 2. kvartal i 2020. Inntektene frå digitale annonser gjekk opp med 2,3 millionar kroner.
Abonnementsinntektene auka med 4,1 millionar kroner frå 2. kvartal i fjor - til 52,7 millionar kroner - i 2. kvartal i år.
Polaris Nordvestlandet | ||
2. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 93,0 | 79,8 |
Driftsresultat | 18,0 | 12,0 |
Polaris Nordvestlandet | ||
1. halvår. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 182,5 | 161,8 |
Driftsresultat | 27,7 | 15,0 |
Polaris Media ASA | ||
1. halvår. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 1796,5 | 1643,2 |
Driftsresultat | 76,7 | 11,5 |
Resultat før skatt | -42,0 | 77,4 |
Dominerer på Nordvestlandet
Polaris Media Nordvestlandet eig Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke, som i sin tur eig andre lokalaviser i Romsdal, på Sunnmøre og i Nordfjord, i tillegg til aviser i nordre Gudbrandsdalen.
Polaris Media Nordvestlandet-avisene har og eit redaksjonelt samarbeid om å dele artiklar mellom kvarandre.
Publisert: 24.08.2021 08:00
Sist oppdatert: 24.08.2021 07:55