Makrell Smaragd
Skotske «Research» frå Shetland har levert den mest verdifulle ferskfiskfangsten til Noreg nokon gong. Illustrasjonsfoto: Smaragd
Nytt

Ny prisrekord for makrellfangst

Nils Sperre og Brødrene Sperre kjøpte halvparten kvar av tidenes mest verdifulle last.

NPK
25.01.2023

(NPK): Skotske «Research» frå Shetland har levert den mest verdifulle ferskfiskfangsten til Noreg nokon gong.

– Det er den største makrellfangsten vi har kjøpt, målt i verdi. Den høge prisen heng saman med at det er sug i marknaden etter makrell i den storleiken og kvalitet som vi leverer marknaden her, seier Geir Sperre i Nils Sperre AS, til Fiskeribladet.

Fangstverdi på 36,5 millionar
Fangsten utgjorde i alt 2.250 tonn makrell med ein fangstverdi på 36,5 millionar kroner frå Nils Sperre AS og Brørne Sperre AS på Ellingsøy, som kjøpte halvparten av fangsten kvar.

I januar i fjor leverte same «Research» 2.260 tonn til dei same kjøparane for 34 millionar kroner, då med ein kilopris på cirka 15 kroner. Denne gongen var prisen over ei krone høgare per kilo, noko som utgjer 2,5 millionar kroner i meirverdi på storfangsten med makrell.

(©NPK)

Publisert: 25.01.2023 15:44

Sist oppdatert: 25.01.2023 16:06

Mer om