Ny produksjon skal gi eksportsuksess
OPP MED FARTA: Knut Steinnes og Rufo Transportkasser er i ferd med å kutte produksjonstida pr. kasse med 30 prosent.
Nytt

Ny produksjon skal gi eksportsuksess

Alarmen gjekk då kasseprodusenten Rufo oppdaga at ein av deira største kundar vurderte å kjøpe kasser frå utlandet. Målet er 30 prosent kutt i produksjonstida, og sjølv etablere seg som eksportbedrift.

08.12.2015
I produksjonshallen hos Rufo i Hovdebygda i Ørsta står ein nyinnkjøpt fres for isolasjonsskum og tremateriale som det mest synleg bevise på satsinga Rufo gjekk i gang med i 2013. I løpet av ei vekes tid er den ferdig montert, og klar til å bli tatt i bruk.
Dagleg leiar og medeigar Knut Steinnes møtte ein av selskapet sine største kundar tidleg i 2013 - eit selskap som har spesialisert seg på å rigge til lys- og lydanlegg til store konsertar og andre arrangement. Kunden trengde nye kasser, og hadde ein tysk produsent som kunne levere både betre og billegare.
Steinnes lovte over bordet både beste kvalitet og store priskutt. Så tok han heile firmaet med på seminar til Island for å tenkje ut korleis dei skulle gjere det for å oppfylle løftet og likevel tene pengar.

30 prosent raskare

- Eg skjønte biletet. Viss ikkje vi vart flinkare til å bygge kasser så ville fleire gå til utlandet. Skal du overleve i Noreg med dei lønningane vi har så er vi nøydde til å gjere ting smartare, mykje smartare, seier Steinnes.
Den nye fresen gjer at Rufo også kan gjere deler av produksjonen på nattestid, når heile arbeidstokken ligg heime og søv.
Men det er ikkje fresen som representer det stort spranget framover mot eit førebels mål om å produsere kassene 30 prosent raskare. Det avgjerande er innsatsen Rufo har gjort for å smelte saman konstruksjonssystem, produksjonssystem og økonomisystem. Selskapet er ikkje i mål, men har kome langt - og kan no byrje å hauste gevinsten av arbeidet.

Teiknar og kalkulere

Når teiknar Bottolf Lødemel no teiknar ei kasse i det tredimensjonale konstruksjonssystemet går dataene rett inn i produksjonsystemet, som mellom annan styrer den nye fresen og held oversikt over varelageret. Samstundes blir dataene lagt inn i økonomisystemet, som umiddelbart kalkulerer ordren til minste bolt og beslag og gjer klar ein faktura.
Medan selskapet før hadde ei stilling som berre gjekk med på å halde orden på produksjonen, og mellom anna syte for at alle hadde materiale og deler dei skal ha, blir den jobben no gjort av eit dataprogram.
Og medan Lødemel før trengde rundt ein time på å teikne ei kasse, kan jobben no gjerast på rundt ti minutt - i alle fall for storpartene av kassene Rufo leverer. Kvar einaste del som inngår i ei kasse er omhyggeleg programmerte inn i systemet. Vil kunden ha litt andre mål kalkulerer programmet raskt konstruksjonen på nytt. Alt arbeidet med å legge kassedelane inn det tredimensjonale konstruksjonssystemet kan Rufo ta til å profitere på no. Steinnes anslår at selskapet i staden for å bruke to teiknarar til å teikne kasser på bestilling no kan frigjere ein person til produktutvikling på heiltid.

Utvikla på heimebane

Å smelte saman datasystema i ei bedrift, frå konstruksjon til fakturering og kanskje enda lenger, er ein av nøklane til å få til ein ny industriell revolusjon i Norge.

Les også om temaet i NETT NO sitt nye magasin.
Transportkassene frå Rufo er i stor grad skreddarsydd for kvar einskild kunde. No kan selskapet ta ut mykje av den same gevinsten som store bedrifter som produserer i store seriar klarer.
Men medan store serieproduserande bedrifter har eit større tilbod av program frå IT-bransjen, har Rufo i stor grad utvikla dei nye dataløysingane på eiga hand.
- Vi hadde aldri klart det om vi ikkje hadde flinke folk på datasida internt, seier Steinnes.

Satsar på utlandet

Steinnes anslår at Rufo investerer seks-sju millionar kroner i å betre effektiviteten i produksjonen. Mykje av kostnaden ligg i tida eigne tilsette har lagt ned i utviklingsarbeidet. Selskapet har finansiert arbeidet over drifta, men får 1,6 millionar kroner i støtte gjennom skattefunnordninga.
Konsekvensen av arbeidet er mellom anna at Steinnes ser ein sjanse til å møte utanlandske konkurrentar på deira heimebane.
- Kvifor kan ikkje vi selje kasser i Tyskland når dei kan eksportere kasser til Noreg, spør han.

Publisert: 08.12.2015 11:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50