Farstad selger ut paa Bjorli
KAN BLI AVKLARING: Investorgruppe og Sparebanken Møre kan bli samde om ei løysing for skanlegget på Bjorli.
Nytt

Ny runde om Bjorli

Dei tidlegare eigarne ventar eit motbod frå banken. Bustyrar trur på løysing.

16.06.2025

Etter å ha fått nei to gangar til å kjøpe skianlegget attende etter konkursen i Bjorli Skisenter i mai håpar dei tidlegare eigarane på ein ny sjanse. 

– Vi oppfattar det slik at vi får eit motbod frå banken, seier Per Øverbø. Han er ein deltakar i investorgruppa som arbeider for å sikre at det blir drift av skianlegget på Bjorli også i komande vintersesong. 

Også bustyrar Anders Gustav Bjørnsen er optimistisk.

– Eg har tru på ei løysing, seier han.

Sparebanken Møre bestemmer
Formelt er det konkursbuet som har kontrollen over skianlegget etter at det vart opna konkurs i Bjorli Skisenter 7. mai.

Men i reelt er det Sparebanken Møre som må avgjere kva som skal skje med anlegget. 

Bjorli Skisenter gjekk konkurs med 40 millionar i gjeld. Banken er hovudkreditor og har pant i skianlegget som overstig verdien av anlegget. 

Nei to gangar
Nett No kjenner ikkje til kva bodgivarane ville gi for anlegget, men Sparebanken Møre avviste først eitt bod og deretter eit oppjustert bod.

Bjorli er eit populært hytteområde både for folk frå Ålesund- og Moldeområdet, mellom dei kjente personar frå næringslivet i regionen. 

Gjennom selskapet Bjorli Utvikling ville dei utvikle Bjorli til ein større skidestinasjon, mellom anna ved å få etablert hotell, serveringsstadar og butikkar, samt inntil 1200 nye fritidsbustadar. Spesielt hotell er viktig, for å trekkje til seg besøkande også midt i veka. 

Utan eit skianlegg i drift er det vanskeleg å sette desse planane ut i livet.

Har over 70 aksjonærar
I selskapa Bjorli Utvikling og Bjorli Skisenter Holding - som eigde Bjorli Skisenter - er det i stor grad dei same personane som sit som eigarar.

Bjorli Utvikling har over 70 aksjonærar. Største aksjonær er Eivind Volstad i Ålesund og familiens investeringsselskap Volstad, med knappe 12 prosent av aksjane. 

Wenche Kjøll Øverbø og Jan Kjøll i Molde eig knappe 10 prosent. Storaksjonær i Geogroup, Olbjørn Kvernberg i Molde og advokat Jon Ketil Gjørtz i Ålesund eig omlag 6,1 prosent kvar. 

Fiskebåtreiar Astrid Louise Strand i Ålesund eig 5,2 prosent gjennom sitt selskap Octopus Invest.

Publisert: 16.06.2025 15:48

Sist oppdatert: 16.06.2025 15:48

Mer om