Ny sjoematterminal kan bli utsett
GARDERMOEN: Avinor vil byggje ny sjømatterminal ved Oslo lufthamn, men strevar med å få prosjektet på vengene. 
Nytt

Ny sjømatterminal kan bli utsett

Avinor har planar om å byggje ein ny og moderne sjømatterminal ved Oslo lufthamn, men no ligg det an til at bygginga blir utsett eller stoppa heilt.

01.02.2019
NPK: Det skriv Dagens Næringsliv.
Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) har bedt Avinor utdjupe planane dei har om å byggje ein ny terminal til 800 millionar kroner på Gardermoen.
– Eg har bedt Avinor om meir informasjon om vurderingane i samband med planane for ny sjømatterminal, skriv Dale til Dagens Næringsliv.

Dårleg med investorar

Avinor har hyra finansselskapet Pareto til å finne private investorar som vil byggje terminalen, men ingen har så langt meldt seg, ifølgje avisa. Om ikkje nokon melder seg i nær framtid, blir det heller ikkje noko av den planlagde byggjestarten i april, opplyser Avinor-sjef Dag Falk-Petersen til avisa.
– Det eg kan seie, er at terminalen ikkje blir bygd viss ikkje nokon vil byggje han, seier Falk-Petersen.
Han ser ikkje ser vekk frå at prosjektet kan bli justert ned eller stoppa heilt.
Dei to selskapa som driv sjømatterminal på Oslo lufthamn i dag, Gardermoen Perishable Center (GPC) og Roadfeeders, seier dei ikkje har vorte inviterte til å levere anbod på drift av den nye terminalen. Avinor sjølv seier at dei har gjennomført ein såkalla tilbodskonkurranse. Eit utanlandsk selskap skal ha fått oppdraget med å drive den nye terminalen.

Publisert: 01.02.2019 14:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30