Det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire, med hovudkontoradresse i Vestnes og oppdrettsanlegg ved Miami, skal nok ein gang ut i marknaden og hente meir eigenkapital.
Det blei ikkje godt mottatt blant investorane i aksjemarknaden. Meldinga blei sendt ut like før midnatt, natt til i dag. Då børsen opna i dag fall kursen til 5,11 kroner i løpet av ein time og 20 minutt. Ved børsslutt i går var kursen 10,42 kroner.
Aksjekursen tok seg litt opp i løpet av dagen og var seks kroner aksjen då børsen stengte. Det er ned 42,42 prosent sidan i går.
Atlantic Sapphire skriv at selskapet tidlegare har meldt at det har prioritert å få opp slaktevekta per fisk, noko som har gjort at det har færre fisk i anlegget. Konsekvensen er at det tek lenger tid om å nå målet om eit overskot på drifta før av- og nedskrivingar (ebitda). Det nye målet er at det skal skje etter fjerde kvartal i år.
I siste 12-månadarsperiode har Atlantic Sapphire-kursen falle over 98 prosent. Hittil i år er kursfallet 67 prosent.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Arctic Bioscience | 4,76 | 13,88 % |
Golden Energy Offshore Services | 18,95 | 4,70 % |
Hav Group | 5,70 | 2,52 % |
Endúr | 72,50 | 0,14 % |
Romsdal Sparebank | 126,50 | -0,32 % |
Salmon Evolution | 6,39 | -0,78 % |
Hexagon Composites | 25,10 | -1,18 % |
Hofseth Biocare | 2,97 | -1,98 % |
Havila Kystruten | 0,87 | -2,25 % |
Norva 24 Group* | 24,90 | -2,54 % |
Sparebanken Møre | 97,70 | -2,88 % |
Havila Shipping | 1,39 | -5,59 % |
Hexagon Purus | 1,88 | -6,60 % |
Atlantic Sapphire | 6,00 | -42,42 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 28.02.2025 17:01
Sist oppdatert: 28.02.2025 17:01