Ny storkontrakt til Brunvoll
NY KONTRAKT: Markedsdirektør Per Olav Løkseth hos Brunvoll (t.h.), saman med Anders Ulvestad og John Sjåholm  i salsteamet.
Nytt

Ny storkontrakt til Brunvoll

Skal levere komplette thrustersystem til Samsung Heavy Industries.

Marius Rosbach
03.07.2020
Utstyrsleverandøren Brunvoll har sikra seg si tredje større kontrakt på kort tid, ifølge ei pressemelding sendt ut fredag.
Leveransen til Samsung Heavy Industries gjeld komplette thrustersystem til tre shuttletankskip som skal drive transport for oljeindustrien.
Til saman har Brunvoll dei siste to år sikra seg leveransar til heile 21 slike skip.
- Våre leveransar i dette segmentet strekker seg heilt til utgangen av 2021 på dei ordrane vi no har, opplyser selskapet og påpeiker at det gir stabile rammer for produksjonen ved Brunvoll-fabrikken i Molde.

Les også:



Publisert: 03.07.2020 15:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59