Nytt
Ny vekst etter snuoperasjon
Snuoperasjonen vekk frå møbelbransjen gav ny vekst for Møbeltre.
20.07.2020
Som underleverandør til møbelfabrikkane på Nordvestlandet hadde Møbeltre i Sykkylven ein nesten samanhengande vekst fram til 2015/2016. Deretter peika pilene feil veg, men satsinga på å lage skilleveggar i glas for kontorlandskap har gitt ny vekst. Bedrifta kjøper glasa og lagar sjølv rammene dei skal settas i.
Driftsinntektene i 2019 enda på 18,6 millionar kroner, opp frå 17,6 millionar i 2017. Det er ny rekord. (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida).
- Møbelklynga er i ferd med å forvitre. Den som ikkje finn på noko anna den, er ferdig, sa Håvar Tandstad til NETT NO i mars i år. Tandstad er dagleg leiar og største eigar både i Møbeltre og madrassprodusenten Stjernemadrassen. Bedriftene held til på Straumgjerde i Sykkylven.
I Stjernemadrassen var det sysselsett tre årsverk.
Valutaendringane som har gjort livet lyst for mellom andre ei eksportnæring som fiskeri har auka prisane for selskap som importerer råvarene.
I tillegg har auka etterspørsel, mellom anna frå byggebransjen, pressa prisane på råvarer oppover og dei siste åra er det råvarekostnaden som har utgjort mest av kostnadsauken, i følgje Tandstad.
Driftsinntektene i 2019 enda på 18,6 millionar kroner, opp frå 17,6 millionar i 2017. Det er ny rekord. (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida).
- Møbelklynga er i ferd med å forvitre. Den som ikkje finn på noko anna den, er ferdig, sa Håvar Tandstad til NETT NO i mars i år. Tandstad er dagleg leiar og største eigar både i Møbeltre og madrassprodusenten Stjernemadrassen. Bedriftene held til på Straumgjerde i Sykkylven.
Fall i møbel
I fjor gjekk salet frå Møbeltre til møbelprodusentar ned med rundt 7-9 prosent anslår Tandstad. Det vart meir enn kompensert i auka sal til kontormarknaden, og selskapet sysselsette 17 årsverk i 2019 mot 18 årsverk i 2018.I Stjernemadrassen var det sysselsett tre årsverk.
Dyrare import
Redusert etterspørsel frå møbelprodusentane heng mellom anna saman med utflytting av møbelproduksjon, men og med auka kostnadar.Valutaendringane som har gjort livet lyst for mellom andre ei eksportnæring som fiskeri har auka prisane for selskap som importerer råvarene.
I tillegg har auka etterspørsel, mellom anna frå byggebransjen, pressa prisane på råvarer oppover og dei siste åra er det råvarekostnaden som har utgjort mest av kostnadsauken, i følgje Tandstad.
Publisert: 20.07.2020 08:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00