Sturla Dalhaug dgl partner Advokatfirmaet Overbo Gjortz foto Losden Studio Agnete Ronning Maseidvag
VEKST: Hittil i år ligg Øverbø Gjørtz an til inntektsvekst samanlikna med i fjor. Foto: Agnete Rønning Måseidvag, Losen Studio/ Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz.
Nytt

Ny vekst for advokatar i år

Fleire oppdrag og fleire tilsette hos Øverbø Gjørtz i fjor.

07.05.2024

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz har så langt i år ein «ikkje utbetydeleg auke» i inntektene, seiar partnar og dagleg leiar Sturla Dalhaug til Nett No.

Selskapet, med 38 tilsette, er det største advokatselskapet mellom Bergen og Trondheim, og har kontor i Ålesund, Molde, Ørsta og Kristiansund.

Dei fire siste åra har inntektene svinga rundt 60 millionar kroner året. I fjor kraup de over 64 milionar og så langt i år ligg det an til ytterlegare vekst.

Veksten skuldast at firmaet har fått fleire oppdrag - og også har fleire tilsette enn i fjor som medverka til auka oppdragsmengde.

Selskapet spissa for nokre år verksemda si for privatkundar inn mot mot spørsmål om fast eigedom (skjønn, oppgjersoppdrag, forbrukerentreprise, avhendingslov mv.), arbeidsrett, arv/generasjonsskifte, skatt- og avgift, tvisteløysning og prosedyre og erstatningssaker. Samtidig held det fram satsing på forretningjus og offentleg verksemd.

Omlegginga skulle vere med på å auke lønsemda i selskapet.

Selskapet er eigd av 14 partnarar. Partnarane delte ein «overskuddsandel stille deltakere» på 16,4 millionar kroner mellom seg etter fjoråret (som reduserer resultatet før skatt tilsvarande).

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz as

Tal i mill. kroner20232022

Driftsinntekt

64,161,9
Driftsresultat16,817,2
Resultat før skatt0,010,01

Publisert: 07.05.2024 00:00

Sist oppdatert: 10.05.2024 12:47

Mer om