NPK-NTB
– Eg har kalla inn til dette møtet for å få tilbakemeldingar og svare på spørsmål, seier Nybø i ei pressemelding frå Næringsdepartementet.
Møtet føregår digitalt klokka 8.45 torsdag morgon. Dei største bransjeorganisasjonane innan norsk næringsliv vil alle vere til stades.
Onsdag innførte regjeringa dei strengaste reiserestriksjonane til Noreg sidan pandemien byrja. Dei aller fleste arbeidsinnvandrarane vil ikkje få sleppe inn i landet dei neste to vekene. Norsk Industri har allereie bede om kriseunntak frå arbeidsmiljølova for bedriftene sine.
– Dette sikrar at kritiske varer og tenester kjem inn til Noreg, men det betyr at mange arbeidsinnvandrarar ikkje kan komme dei neste vekene.
Reglane vil bli vurderte på nytt om to veker og er i samsvar med tilrådinga til Helsedirektoratet.
– Eg har kalla inn til dette møtet for å få tilbakemeldingar og svare på spørsmål, seier Nybø i ei pressemelding frå Næringsdepartementet.
Møtet føregår digitalt klokka 8.45 torsdag morgon. Dei største bransjeorganisasjonane innan norsk næringsliv vil alle vere til stades.
Onsdag innførte regjeringa dei strengaste reiserestriksjonane til Noreg sidan pandemien byrja. Dei aller fleste arbeidsinnvandrarane vil ikkje få sleppe inn i landet dei neste to vekene. Norsk Industri har allereie bede om kriseunntak frå arbeidsmiljølova for bedriftene sine.
Stengt grense
– I praksis blir grensa stengd for alle som ikkje er busett i Noreg, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho la fram nye og strengare reiserestiksjonar i går kveld, onsdag 27. januar.– Dette sikrar at kritiske varer og tenester kjem inn til Noreg, men det betyr at mange arbeidsinnvandrarar ikkje kan komme dei neste vekene.
Reglane vil bli vurderte på nytt om to veker og er i samsvar med tilrådinga til Helsedirektoratet.
Publisert: 28.01.2021 09:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13