Nyboe vil moete naeringslivet om GIEK
VIL HØYRE MEIR: Næringsminister Iselin Nybø vil høyre meir om kva næringslivet i regionen meiner om eit framtidig GIEK/Eksportkreditt.
Nytt

Nybø vil møte næringslivet om GIEK

Næringsministeren kom ikkje med nye signal om fleire arbeidsplassar til Ålesund, men vil vite meir om kva bedrifter på Nordvestlandet meiner om «nye» GIEK.

Marius Rosbach
14.01.2021
Lokale politikarar frå regjeringspartia møtte torsdag næringsminister Iselin Nybø om organiseringa av eit nytt samanslått GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge.
På førehand hadde dei frå næringsliv, bankar og andre politikarar om kvifor desse to institusjonane bør vere sterkare til stades på Nordvestlandet.
– Vi framførte våre argument for statsråden, som var lyttande og svært positiv til ein vidare dialog med næringslivet om GIEK og Eksportkreditt. Ho vil også kalle inn til eit nytt møte der næringslivet deltek, fortel Helge Orten (H) til NETT NO etter møtet.

Orten: Viktigast å formidle synspunkta

Nybø har vore klar på at ho meiner det å diskutere ny lokalisering. Eit interimstyre har fått i oppdrag å gjennomføre ei samanslåing innan 1. juli med plassering i Oslo-området.
Orten meiner det er «naturleg å diskutere problemstillinga no», men påpeiker at han ikkje venta nokon nye signal over bordet frå statsråden.
– Det viktigaste var å formidle korleis vi i regjeringspartia i Møre og Romsdal ser på saka, og vise til dei kraftfulle argumenta som er kome frå regionen, legg han til.

– Ministeren held døra open

Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande frå statsråden sitt eige parti deltok også på møtet. Ho opplevde ein imøtekomande minister, som viste interesse for innspela.
– Vi fekk ein god og konstruktiv samtale, og ministeren held døra open for ein vidare dialog med næringslivet på Sunnmøre, fortel ho til NETT NO.
Ordføraren legg til at ho meiner politikarane på Mørebenken har vore konstruktive og løysingsorienterte, og fått godt fram næringslivet si stemme i saka.

Trur først og fremst på regionkontor

Stortingspolitikar Steinar Reiten (KrF) var den som fekk i stand møtet. Førebels har den einaste politikaren i næringskomiteen på Stortinget ikkje «flagga» sitt synspunkt.
– Eg har stor forståing for dei synspunkta som har kome fram, og vil jobbe vidare med dette i næringskomiteen. Reint kronologisk trur eg i første omgang på ei sterkare regional forankring i form av eit regionkontor. Å pålegge organisasjonen ei utflytting av kring 150 arbeidsplassar, trur eg vil ta lengre tid, seier Reiten etter møtet.

Meir om saka:




Espen Sundgot:



Synspunkt

:

Orten om GIEK-lokalisering:




Reint kronologisk trur eg i første omgang på ei sterkare regional forankring i form av eit regionkontor. Å pålegge organisasjonen ei utflytting av kring 150 arbeidsplassar, trur eg vil ta lengre tid,

Publisert: 14.01.2021 16:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11