Nye eigarar i Moerelaft
MEIR EKORNES: Dagleg leiar og medeigar Joar Ekornes har fått med seg fleire familiemedlemer i ei kapitalutviding i Mørelaft.
Nytt

Nye eigarar i Mørelaft

Hyttebyggingselskapet Mørelaft bomma på store prosjekt i fjor og tapte pengar. No er nye eigarar på veg inn.

26.07.2019
Fleire medlemer i Ekornesfamilien og andre investorar frå Sykkylven går inn i selskapet i ei kapitalutviding på seks millionar kroner.
- Med endringane som er gjort på eigarsida og kapitalutvidinga så er Mørelaft rigga for ny vekst, seier dagleg leiar Joar Ekornes.
Han har vore medeigar i selskapet sidan 2013, saman med Kenneth Brunstad, og Joar Ekornes sjølv ein av dei som er med på kapitalutvidinga. Han er også fungerande dagleg leiar inntil eit nytt styre er på plass. Kapitalutvidinga er gjennomført, men ikkje registrert i Brønnøysund enno.

Dei andre investorane er Kari Ekornes, Karl Ekornes, Stian Ekornes, Arild Klokk og Dag Lennart Haugseths selskap Dags Maskin, Bjarne Brekke og selskapet Mørerør, som er eigd av Anders Øygard og Stein Ove Raftevold.

Bomma på bygging

Trass vekst i driftsinntekt gjekk Mørelaft frå 1,6 millionar kroner i overskot før skatt i 2017 til 4,2 millionar i underskot i 2018 (sjå tabell).
Det er store utbyggingar på Bjorli og på Fjellsetra i Sykkylven som har gitt tap. Mørelaft er i gang med bygging og sal av hyttefelt med høvesvis 36 (Bjorli) og 37 (Fjellsetra) hytter.
- Vi bomma på berkningane på desse prosjekta, seier Ekornes.
Etter kapitalutvidinga har Mørelaft ein bokført eigenkapital på rundt ni millionar kroner, i følgje Ekornes.

Nye hytter

Joar Ekornes seier selskapet er i ferd med å utvikle nye hytter, i tillegg til dei modellane selskapet lagar i dag. Målet er å vinne innpass i område også ved kysten, der tømmerhytter ikkje er etterspurt.
Kenneth Brunstad er ikkje medeigar i Mørelaft etter kapitalutvidinga, men har overtatt produksjonsrettane og vil produsere hytter i produksjonsanlegget på Skodje, gjennom sitt eige selskap Mørelaft Eigedom og også vere underleverandør ved oppsetting av hyttene.
Før eigareindringa leigde Mørelaft anlegget til Møre Eigedom og sto sjølv for produksjonen. No blir Mørelaft eit reindyrka sals- og utviklingselskap.

Publisert: 26.07.2019 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37