Nye eigarar med vekstplanar
Dei nye eigarane og drivarane av Skipsregnskap i Fosnavåg har langt meir enn fiskeriselskap på kundelista.
- Sjølv om vi har vårt opphav og spesialkompetanse innanfor ein maritim tradisjon, nemleg fiskeri, så er det ikkje slik at vi avgrensar oss her. Vi femner mykje breiare enn dette.
Det seier dagleg leiar Iryna Jensen, som saman med tre kollegaer i januar i fjor overtok reknskapsselskapet Skipsregnskap i Fosnavåg.
I det første driftsåret omsette selskapet for 6,2 millionar, og hadde eit resultat før skatt på 1,8 millionar.
Skipsregnskap | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 6,2 | 5,9 | |
Driftsresultat | 1,8 | 0,9 | |
Resultat før skatt | 1,8 | 0,9 |
Forenkle prosessar
Jensen seier at dei nye eigarane har jobba mykje med å forenkle prosessar og nytte seg av tilgjengeleg teknologi for å legge til rette for å gi betre informasjonsgrunnlag til kundane.
- Den reine reknskapsføringa er berre ein del av tenestene vi utfører for kundane. Vi har mange reiarlag - store og små – blant våre kundar, men har også stadig fleire investeringsselskap, i tillegg til både eigedomsselskap, varehandel, båtservice og bedrifter i andre bransjar.
Jobben har endra seg
Ho seier at i dag har meir av sjølve reknskapsføringa blitt automatisert og jobben såleis har endra karakter.
- Det er meir ei sjølvfølgje at beslutningsgrunnlaget til kundene våre er oppdatert til eikvar tid og tilgjengeleg gjennom rapporteringsverktøy.
- Vi opplever at kundane treng ein ressurs som kan lover og regler og som har kompetanse til å gi råd når dei skal foreta viktige avgjersler, i tillegg til at dei treng nokon som kan bistå med det praktiske innan administrative oppgåver.
Vi opplever at kundane treng ein ressurs som kan lover og regler
Ny kompetanse
Jensen opplyser at i år jobbar selskapet med å tileigne seg ny kompetanse for å ivareta nye krav som vert stilte til kundane, til dømes Openheitslova.
- Vi satsar på vidare vekst.
Iryna og Odd Bjørn Jensen eig 34 prosent a selskapet. Det same eig Kari Sævik Kvalsund og Jon Kvalsund, medan Hanne Kvalsvik og Linda Espeseth eig 16 prosent kvar.
Skipsregnskap har ein samla eigenkapital på 2,3 millionar kroner.
Publisert: 30.06.2022 18:37
Sist oppdatert: 01.07.2022 09:10