Nytt
Nye forseinkingar for kystruteskipa
Havila Kystruten sine skip blir truleg ikkje levert før i mai/juni.
Marius Rosbach
25.01.2021
Nye koronautfordringar skal vere årsaka til at Tersan-verftet i Tyrkia har kome med nye leveringsdatoar for skip til Havila Kystruten.
I ei pressemelding måndag opplyser reiarlaget at dei to skipa truleg er klare til levering i månadsskiftet mai/juni.
For berre kor tid sidan opplyste Havila-eigar Per Sævik at dei .
– Det er restriksjonar frå styresmaktene knytt til mellom anna avgrensingar i reiseaktivitet og tidvis «lockdown». Pandemien påverkar også underleverandørane med både forseinka utstyr og færre arbeidarar som kan vere på verftet, heiter det i pressemeldinga.
Etter at skipa er leverte frå verftet, vil det ta nokre veker å få dei til Norge og klargjort dei for drift.
– Forseinkinga hadde vore meir utfordrande i ein normalmarknad, men koronaen gir også reiserestriksjonar slik at færre kan reise både til Norge og i Norge enn i eit vanleg år, seier han.
Myrvoll meiner det ikkje trengst full kapasitet på kystruta mellom Bergen og Kirkenes dei komande månadene. Hurtigruten har segla med redusert kapasitet sidan koronapandemien slo til, og etter planen skal Samferdsledepartementet ta stilling til behovet i løpet av februar månad.
Dei to første skipa som skal i drift, er Havila Castor og Havila Capella. Dei har plass til 640 passasjerar og har 179 lugarar om bord.
Skipa har det som går for å vere verdas største batteripakkar om bord, og kan segle i fleire timar utan utslepp og støy.
I ei pressemelding måndag opplyser reiarlaget at dei to skipa truleg er klare til levering i månadsskiftet mai/juni.
For berre kor tid sidan opplyste Havila-eigar Per Sævik at dei .
Kan bli fleire endringar
Sals- og marknadssjef ved Tersan-verftet, Sakir Erdogan, påpeiker at det kan vere planane må justerast, avhengig av korleis pandemien utviklar seg.– Det er restriksjonar frå styresmaktene knytt til mellom anna avgrensingar i reiseaktivitet og tidvis «lockdown». Pandemien påverkar også underleverandørane med både forseinka utstyr og færre arbeidarar som kan vere på verftet, heiter det i pressemeldinga.
Etter at skipa er leverte frå verftet, vil det ta nokre veker å få dei til Norge og klargjort dei for drift.
Skuffa Havila Kystruten-sjef
Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, seier i pressemeldinga at han er skuffa og han beklagar forseinkingane både for dei som skal reise med skipa, og for dei tilsette.– Forseinkinga hadde vore meir utfordrande i ein normalmarknad, men koronaen gir også reiserestriksjonar slik at færre kan reise både til Norge og i Norge enn i eit vanleg år, seier han.
Myrvoll meiner det ikkje trengst full kapasitet på kystruta mellom Bergen og Kirkenes dei komande månadene. Hurtigruten har segla med redusert kapasitet sidan koronapandemien slo til, og etter planen skal Samferdsledepartementet ta stilling til behovet i løpet av februar månad.
Skal bygge fire skip
Havila Kystruten skal bygge til saman fire skip som på sikt skal inn i den tradisjonsrike seglasen. Dei to neste skipa er også forseinka grunna økonomiske problem hos det spanske verftet som først tok på seg bygginga.Dei to første skipa som skal i drift, er Havila Castor og Havila Capella. Dei har plass til 640 passasjerar og har 179 lugarar om bord.
Skipa har det som går for å vere verdas største batteripakkar om bord, og kan segle i fleire timar utan utslepp og støy.
Les også:
Publisert: 25.01.2021 14:39
Sist oppdatert: 18.03.2021 13:33