Nye Hovden kutt Dette vi frykta ville skje
– KATASTROFE: Leiar Odd Mange Vinjevoll i Ørsta Næringskontor (innfelt) meiner flykutta er ei katastrofe for næringslivet i regionen. 
Nytt

Nye Hovden-kutt: – Dette vi frykta ville skje

Meiner utviklinga ved flyplassen er ei «katastrofe» for næringslivet.

Marius Rosbach
19.08.2020
Flyselskapet på kortbanenettet – mellom anna frå Hovden Lufthamn. Lufthamnsjef Svein Arne Vik på Hovden fortel til NETT NO at det i dag er tre flyavgangar til Oslo.
– Frå oktober er det skissert at det berre blir ei rute frå Hovden. Den vil gå om klokka 16.10 om ettermiddagen og tilbake frå Gardermoen etterpå, fortel han.
Det ligg med andre ord an til at det ikkje kjem inn seine kveldsfly. Den populære morgonavgangen direkte til Oslo er allereie fjerna. Den ruta går i dag via Sogndal og vidare til Oslo og Bergen.

Frå seks til éin avgang

Leiar Odd Magne Vinjevoll i Ørsta Næringskontor er ikkje overraska over det som skjer, og meiner det er ei «katastrofe» for næringslivet i regionen.
Bedrifter er dei som i størst grad tek opp flysetene på Widerøe-flya frå Hovden i dag. Vinjevoll meiner rammevilkåra deira er blitt kraftig forverra dei siste åra.
– Det blir heilt galt sett i forhold til den verdiskapinga som denne regionen har per tilsett, seier han til NETT NO.
Vinjevoll viser til at utviklinga på få år har gått frå seks daglege avgangar - til éin frå oktober - om kutta blir gjennomført.

Vil ha ned avgiftene

– Det var dette vi frykta ville skje; at flyselskapa ville sette fokus på avgiftsnivået når koronatiltaka fell vekk. Vi såg tendensen allereie då avgiftene blei sett opp i 2016, seier han til NETT NO.
Næringssjefen seier at dei støttar Widerøe sitt syn på at avgiftsnivået må ned, eller at staten i større grad må gå inn og støtte flytrafikken.
– Sjølv om flya frå Hovden har den beste fyllingsgraden på heile kortbanenettet, og nest størst trafikk, så er det ikkje råd å drive kommersielt. Då er noko gale, meiner Vinjevoll.
I første rekke meiner han flypassasjeravgifta bør fjernast, men også CO2-avgifta meiner han er innretta feil.

Møte med toppolitikarar

Bakgrunnen for utspelet frå Widerøe er at samferdselsdepartementets kjøp av eit minimumstilbod på kortbanerutene går ut i oktober. Også letta i skattar og avgifter for luftfartsnæringa går til 31. oktober. Dei statstøtta sokalla «fot»-rutene blir ikkje ramma.
Vinjevoll påpeiker at kortbanenettet ikkje er meint å skulle vere lønnsamt.
– Det skal ha ein samfunnsmessig funksjon og sørge for likare tilbod. No er det full drift på to-tre andre flyplassar sør for oss, som har avtalar om statsstøtte, medan Hovden misser desse, legg han til.
Fredag neste veka blir det skipa i stand eit møte om situasjonen ved samfunnshuset i Ørsta. Hit er både kommuneleiing, Avinor, Widerøe, sjukehuset og høgskulen invitert.
– Også toppolitikarar som Helge Orten, Siv Jensen og Sylvi Listhaug kjem, seier Vinjevoll.

Les meir om saka:


Sjølv om flya frå Hovden har den beste fyllingsgraden på heile kortbanenettet, og nest størst trafikk, så er det ikkje råd å drive kommersielt

Publisert: 19.08.2020 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01