Nye kontraktar for Island Offshore
ARBEID: Island Contender har sikra seg kontrakt på tre månader fast og seks månader opsjonar med Neptune Energy Norge. 
Nytt

Nye kontraktar for Island Offshore

Island Offshore har sikra seg fleire små og store kontraktar, men direktør Tommy Walaunet etterlyser betre lønsemd.

23.10.2019
- Vilkåra er på linje med marknaden; kontraktane er korte og konkurransen skarp. Vilkåra må nok betrast ytterlegare i 2020 for å sikre berekraftig lønsemd, seier Walaunet, i ei pressemelding onsdag.
Det Ulstein-baserte selskapet melder om ein bra kontraktsstart på hausten.
Blant anna har plattform forsyningsskipet Island Commander fått eitt års forlenging av kontrakta si med Lundin, eit selskap båten har jobba for sidan 2016.

Chieftain, Contender og Crusader

Etter å ha fått montert landstraumskopling i september, gjekk også søsterskipet Island Chieftain rett på kontrakt for Repsol med ei varigheit på seks månadar pluss opsjonar.
LNG-drivne Island Contender har sikra seg jobb for Neptune Energy Norge, og går på kontrakt for selskapet om få dagar, 3 månadar fast og 6 månadlege opsjonar.
Også søsterskipet Island Crusader tok til på ei 30+60 dagars kontrakt for Well Expertise denne veka.

- Aktiviteten i dette segmentet har vore god i 2019, men vi ventar noko lågare aktivitet gjennom vinteren. Det er difor svært gledeleg å skaffe arbeid til desse skipa no, for strategisk viktige kundar, seier administrerande direktør Tommy Walaunet i Island Offshore.

Meir arbeid for Ocean Intervention III

Selskapet opplyser at ein i 2020 også ventar 200 nye dagar med arbeid for subseakonstruksjonsfartøyet Ocean Intervention III som har vore på jobb for Oceaneering heilt sidan 2007.
Island Offshore har over lang tid hatt eit omfattande og godt samarbeid med Oceaneering, og båten har vore på oppdrag for selskapet i Angola sidan 2012.

Rosar mannskapet

Brønnintervensjonsfartøyet Island Constructor har hatt eit godt driftsår i 2019.
- Vi har tatt eit stort steg mot berekraftig drift for skipet, og mannskapet skal ha solid honnør for godt og sikkert utført arbeid. Dette er vi stolte og takksame for, seier Walaunet, i pressemeldinga.
No har innretninga vorte tinga av ConocoPhillips for 65 dagar med arbeid på norsk sokkel med oppstart tidlegast i mai 2020.
- Dette er vi sjølvsagt svært glade for og vi har høge forventingar til dette segmentet også framover. Arbeid gjennom vinteren er framleis utfordrande, og fartøyet vil difor ligge i varmt opplag til vi kan mobilisere for meir arbeid, seier Walaunet.
Også dei to andre brønnintervensjonsfartøya, Island Frontier og Island Wellserver som er på kontrakt for Equinor, har fått ekstra dagar i potten i år og har dermed arbeid til ut i november.
åra må nok betrast ytterlegare i 2020 for å sikre berekraftig lønsemd

Publisert: 23.10.2019 10:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42