Nye kontraktar i roeft farvatn
RASKE BÅTAR: Stordelen av verksemda til Mare Safety og dagleg leiar Are Garshol dreiar seg framleis om å lage mindre gjerne hurtiggåande båtar, men byssemarknaden har vorte viktigare.
Nytt

Nye kontraktar i røft farvatn

Mare Safety-sjefen friskmelder ikkje marknaden, men gler seg over at dei har kapra nye oppdrag - mellom anna på dei nye kystvaktskipa.

Marius Rosbach
28.09.2020
Mare Safety har sikra seg fleire nye kontraktar i løpet av koronatida, men dagleg leiar Are Garshol seier det er stille i store delar av marknaden.
Ein brannbåt til Kristiansand, mob-båtar til både Odfjell Drilling og Aker BP og fleire bysseoppdrag er mellom jobbane Ulsteinvik-selskapet har hanka inn.

Koronabrems etter krevjande år

Både 2018 og 2019 var krevjande for båt- og bysse-produsenten og enda begge med små minus. I fjor steig likevel inntektene betydeleg og nærmar seg 80 millionar (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
– Omsetninga er på veg tilbake, men lønnsemda heng litt igjen frå åra med svært tøff konkurranse og få prosjekt, fortel Garshol til NETT NO.
Etter at 2020 starta bra dei to første månadene, ble det full koronabrems i mars – og om lag halvparten av dei tilsette vart permitterte.
– Frå august er alle tilbake i jobb. Innan dei tradisjonelle marknadene er det framleis stille, men det er noko aktivitet mot brønnbåtar og utanlandske verft, i tillegg til det offentlege, fortel Garshol.
Fleire prosjekt som har vore i «kjømda» er framleis ikkje realisert, og horisonten er difor framleis litt uklar, meiner han.

Bysser til kystvakt, kabelskip og fleire ferjer

Satsinga mot bysser har vorte ein veksande marknad for Mare Safety. Nyleg fekk dei oppdrag med å levere bysseinteriøret til dei nye kystvaktskipa som skal byggjast ved Vard Langsten.
Også det store kabelskipet Nexans Aurora, som Ulstein Verft har til utrustning, får bysse frå Mare Safety.
– Trufaste kundar over lang tid gir resultat, slik som med Myklebust Verft og Aas Mek. Verksted. Her har vi dei seinaste månadene signert kontraktar for levering av bysser til brønnbåtar. Samtidig har vi levert bysser og vaskeri til fleire prosjekt ved Larsnes Mek, uttalar Alexander Elvanes som er produktsjef for bysse i Mare Safety i ei pressemelding.
Dei skal vidare leverer bysser til fleire ferjer og fiskebåtar som byggast i Tyrkia og Polen. Til dømes kjem Molde-Vestnes og Festøya-Solevåg-ferjene snart til å segle med utstyr frå Ulsteinvik-bedrifta.

Leverer sin største båt til brannvesen

Trass den tøffe situasjonen, har dei altså signert fleire nye avtaler i løpet av koronaperioden.

– – Ekstra kjekt er det at vi no har fått kontrakt på vår største båt nokon sinne. Ein brannbåt av typen Mare DC 14 Fire Fighter, spesialbygd for å stette krava til oppdragsgjevar, fortel Garshol.
Den 14 meter lange båten er utrusta for brann- og redningsteneste, røyk- og vassdykking, båretransport, samt vasskanonar med tilhøyrande brannpumpe.
Dei fortel at gode referansar frå tidlegare oppdrag i same marknad, var med å sikre avtalen.
Odfjell Drilling og Aker BP er etablerte kundar som no skal ha fleire mob-båtar. Dei har også ein rammeavtale med Equinor, der dei over tid har levert om lag 35 redningsbåtar til ulike riggar.
– I oktober vil det bli levert ein til. Ein Mare GTC 900 2V til Kristin Plattforma på Haltenbanken, fortel Garshol.

Les også:



Omsetninga er på veg tilbake, men lønnsemda heng litt igjen frå åra med svært tøff konkurranse og få prosjekt

Publisert: 28.09.2020 12:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03