Nytt
Nye sjefar i Hareid Group og Havyard-selskap
Havila Shipping-direktør går til Hareid Group, og eks-sjefen i Hareid Group startar i Havyard-selskap.
05.01.2021
Karsten Sævik slutta i fjor haust i Hareid Group etter kort tid i sjefsstolen. No er det klart kva som blir Sævik sin nye jobb og kven som tek over leiinga i Hareid Group.
Olav Haug Vikebakk går frå stillinga som viseadministrerande direktør i Havila Shipping til konsernsjefjobben i Hareid Group.
Sævik blir ny sjef for New Havyard Ship Technology.
"Karsten kan båt og skipsbygging og er vant til å lede folk gjennom komplekse prosjekter og krevende omstillingsprosesser. Styret har stor tiltro til at Karsten vil bidra til gjennomføringen av det gjenværende byggeprogrammet, og omstilling til serviceverft på en god måte, sammen med de dyktige medarbeiderne i Leirvik" seier styreleiar Vegard Sævik i New Havyard Ship Technology i ei pressemelding.
"Eit samla styre er einig om at Vikebakk er særs godt kvalifisert for stillinga og har dei rette eigenskapane for å leie Hareid Group i åra som kjem", seier styreleiar Ingvild Vartdal i Hareid Group i ei pressemelding.
I ei pressemelding i november varsla Hareid Group at Sævik sluttar i jobben og i eit tekstmelding til NETT NO skreiv han at han ikkje hadde konkrete jobbplanar.
Hareid Group består av fleire heil- og deleigde selskap, og leverer varer og tenester knytt til elektroinstallasjon på land og for skip i tillegg til forbrukarelektronikk. Konsernet har ti aksjonærar. Dei to største er Bjørn Bjåstad og familien og Bjørn Teigene og familien - begge med 39,9 prosent.
Før han byrja i Havila var han tolv år i ulike leiande stillingar i Rolls-Royce Marine, ifølgje pressemeldinga. Vikebakk tek til i jobben seinast 1. april.
Olav Haug Vikebakk går frå stillinga som viseadministrerande direktør i Havila Shipping til konsernsjefjobben i Hareid Group.
Sævik blir ny sjef for New Havyard Ship Technology.
"Karsten kan båt og skipsbygging og er vant til å lede folk gjennom komplekse prosjekter og krevende omstillingsprosesser. Styret har stor tiltro til at Karsten vil bidra til gjennomføringen av det gjenværende byggeprogrammet, og omstilling til serviceverft på en god måte, sammen med de dyktige medarbeiderne i Leirvik" seier styreleiar Vegard Sævik i New Havyard Ship Technology i ei pressemelding.
"Eit samla styre er einig om at Vikebakk er særs godt kvalifisert for stillinga og har dei rette eigenskapane for å leie Hareid Group i åra som kjem", seier styreleiar Ingvild Vartdal i Hareid Group i ei pressemelding.
Kleven og Hareid Group
Karsten Sævik blei tilsett som konsernsjef i Hareid Group våren 2019, etter ei periode som verftsdirektør på Kleven i Ulsteinvik. Han har og vore konsernsjef i Remøy Group, administrerande direktør i Remøy Shipping og sjef ved Ulstein verft. Frå 1991 til 2006 arbeidde han for reiarlaget Odfjell ASA i Bergen, der han mellom anna var nybygg- og prosjektdirektør.I ei pressemelding i november varsla Hareid Group at Sævik sluttar i jobben og i eit tekstmelding til NETT NO skreiv han at han ikkje hadde konkrete jobbplanar.
Hareid Group består av fleire heil- og deleigde selskap, og leverer varer og tenester knytt til elektroinstallasjon på land og for skip i tillegg til forbrukarelektronikk. Konsernet har ti aksjonærar. Dei to største er Bjørn Bjåstad og familien og Bjørn Teigene og familien - begge med 39,9 prosent.
Rolls-Royce Marine og Havila Shipping
Olav Haug Vikebakk er utdanna siviløkonom og har vore tilsett i Havila sidan 2018.Før han byrja i Havila var han tolv år i ulike leiande stillingar i Rolls-Royce Marine, ifølgje pressemeldinga. Vikebakk tek til i jobben seinast 1. april.
Publisert: 05.01.2021 12:32
Sist oppdatert: 21.06.2021 13:12