Nytt boershopp for Hexagon Purus
OPPTUR: Jon Erik Engeset er toppsjef i Hexagon Composites og styreleiar i Hexagon Purus, der Hexagon Composites eig 75 prosent av aksjane. Då Hexagon Purus blei tatt opp til notering i desember i fjor var verdien av Hexagon Purus ni milliardar kroner. No er den nesten 17 milliardar.
Nytt

Nytt børshopp for Hexagon Purus

Opp ein milliard kroner i verdi i formiddag.

08.01.2021
Aksjekursen i Hexagon Purus gjorde eit nytt hopp då handelen på Oslo Børs opna i dag.
Klokka 10.02 var kursen 72,56 kroner per aksje.
Det verdset heile selskapet til 16,6 milliardar kroner. Då børsen stengte døren i går var verdien 15,6 milliardar kroner.
Dette er andre dag på rad med sterk verdistiging for Hexagon Purus-aksjen. I går steig den over 17 prosent i verdi, så langt i dag er verdstiginga 7,7 prosent.
Medan Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som drivstoff og energikjelde, gjer Hexagon Purus tilsvarande for bruk av hydrogen. Begge selskapa har forretningsadresse i Ålesund.
Hexagon Composites skilde ut og børsnoterte datterselskapet Hexagon Purus i fjor haust for å reindyrke satsinga på hydrogenmarknaden i Hexagon Purus, og få verdipotensialet i hydrogensatsinga betre fram i lyset.
Etter børsnoteringa eig Hexagon Composites 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus.
Knut Flakk er styreleiar i Hexagon Composites der han og familien eig tilsaman 16,85 prosent av aksjane gjennom fem ulike selskap. Flakk-familien i Ålesund også eig knappe to prosent av aksjane i Hexagon Purus direkte.

Publisert: 08.01.2021 10:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11