Nytt fabrikkbygg for Strukturplast
VEKST: Dagleg leiar Frode Lindvik i Strukturplast lova kommunen 15 nye arbeidsplassar om den ville bygge industribygg Strukturplast kunne leige. Han har nesten nådd målet i det bygget opnar.
Nytt

Nytt fabrikkbygg for Strukturplast

Strukturplast meir enn doblar fabrikkarealet gjennom langsiktig avtale med Gloppen kommune.

02.05.2019
I morgon klipper ordførar Leidulf Gloppestad snora som markerer opninga av det 3000 kvadratmeter store fabrikkbygget, like aust for kommunesenteret Sandane.
Bygget ligg rett ved fabrikken Strukturplast har i dag. Det skal brukast vidare, saman med det nye anlegget.
Det nye bygget kostar 33 millionar kroner i følgje eit kommunestyrevedtak i fjor, og gjer at Strukturplast meir enn doblar fabrikkarealet.

Lova arbeidsplassar

Det er kommunen som har bygd og eig bygget, medan Strukturplast er leigetakar.

Avtalen gjer at Strukturplast slepp å binde store summar i bygg.
Til gjengjeld har selskapet bunde seg til å leige bygget i 30 år. Struktuplast leiger heile bygget, og leiger i første omgang 1000 kvadratmeter vidare til andre.
- Vi har lova 15 nye arbeidsplassar, sa dagleg leiar Frode Lindvik i Strukturplast før kommunen vedtok byggjinga i 2017.
Han er allereie langt på veg. I 2017 hadde selskapet 35 tilsette. No er det 43 og fleire er på veg.
- Vi skal tilsette ein person på prosjektleiing og sal, og ein på materialutvikling, seier Lindvik.

Opptur i offshore

Strukturplast lagar mellom anna utstyr for baderomsinnreiingsleverandøren og søsterselskapet Bano, som og ligg på Sandane.

Kundane er og i fiskeri- og oppdrett, maritim bransjen og offshoreselskap i oljebransjen - der etterspørselen no er på veg tilbake.
- Alle pilar peikar oppover, seier Lindvik.


Alle pilar peikar oppover

Publisert: 02.05.2019 12:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34