Nytt godt aar for Gjendemsjoe
KUNDAR: Leif Kjetil Gjendemsjø flankert av Lynn Nopper og Stephen Sinatra bak satsinga Dr. Sinatra, ein av Pharma Marine sine amerikanske kundar.
Nytt

Nytt godt år for Gjendemsjø

For andre år på rad kan Omega 3-pioneer Leif Kjetil Gjendemsjø glede seg over gode tal.

28.06.2016
- Viss du ser på resultata før 2014 så ser du at det ikkje er så mykje alternativ til å begynne å tene pengar, sa Gjendemsjø etter at omega 3-produsenten Pharma Marine i Søvik i Haram leverte solid auke i både driftsinntekter og lønsemd i 2014.
Omega 3 er feittsyrer som spesielt finnes i feit fisk, og som har fleire positivet helseeffektar. Omega 3-industrien, har sitt norske tyngdepunkt på Nordvestlandet, og lagar omega 3-produkt av fisk og andre dyr i sjøen- og fiskeavskjær.

2015-tala er også gode (sjå tabell), men Gjendemsjø vil framleis ikke bruke ordet gjennombrot for selskapet. Til det er konkurransen i marknaden for tøff.

Større konkurranse

Dei siste åra har fiskeriselskap i Sør-Amerika, som tidlegare var reine råvareleverandørar, sjølve byrja å produsere omega 3- produkt. I tillegg har kinesiske produsentar kome på banen.
Konsekvensen er at den norske industrien har fått redusert sin andel av verdsmarknaden. Den skjerpa konkurransen gjer 2015-resultatet ekstra gledleg.
- Vi er kjempefornøgd med det resultat vi fekk, seier Gjendemsjø.

Tre kritiske faktorar

Ifjor sa Gjendemsjø til NETT NO at det ikkje lenger er produktutvikling som er flaskehalsen for Omega 3-industrien i Noreg, men handelshindringar, forsking for å dokumentere helseeffektar og marknadsføringsinnsats.
Den vurderinga gjeld framleis, meiner han.

Omega 3-veteran

Gjendemsjø er av pionerane innanfor Omega 3. I 2006 selde han selskapet Napro Pharma i Brattvåg til finansaktøren Cognis (selskapet i Brattvåg har hatt fleire eigarskifte, er no ).
I 2007 starta Gjendemsjø Pharma Marine, som i 2014 fekk sitt første reknskap i pluss.

Publisert: 28.06.2016 10:58

Sist oppdatert: 14.06.2021 09:15