Oslo børs
OPP: Hovedindeksen på Oslo Børs steg 1,21 prosent i dag. Foto. Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt hopp for Hofseth

Kursen har stige over 30 prosent på ein månad.

27.12.2024

Når aksjekursen i kroner blir låg nok gir små endringar målt i kroner store relative utslag. 

I dag steig aksjekursen til Hofseth Biocare 7,5 prosent, til 1,72 kroner aksjen. Det gjorde selskapet til dagens vinnar på børsen av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet. Hittil i år har kursen derifmot falle med 34,4 prosent.

Selskapet vidareforedlar avskjer og restråstoff frå lakseslakteri til ingrediensar til helsekost og kjæledyrfór, og eigne helsekostprodukt. Dessutan arbeider det med å få godkjent produkt som legemiddel. 

Så langt gjenstår det for selskapet å tene pengar, og kursen har vore fallande i fire år på rad.

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
   
Hofseth Biocare1,72 7,50 %
Hexagon Purus5,56 2,21 %
Arctic Bioscience1,95 2,09 %
Hexagon Composites45,25 0,78 %
Golden Energy Offshore Services19,60 0,51 %
Romsdal Sparebank124,60 0,08 %
Salmon Evolution6,64 0,00 %
Atlantic Sapphire0,09 0,00 %
Norva 24 Group*26,80 -0,37 %
Sparebanken Møre92,50 -1,02 %
Endúr69,80 -1,41 %
Havila Kystruten0,70 -1,83 %
Hav Group6,36 -2,15 %
Havila Shipping2,02 -6,70 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 27.12.2024 17:08

Sist oppdatert: 27.12.2024 17:10