Nytt klart nei til vindkraft
SAMLA MOTSTAND: Silje Alise Ness (Raudt) fekk med seg eit samla fylkesting i Møre og Romsdal til å be om stans i utbygginga på Haramsfjellet. 
Nytt

Nytt klart nei til vindkraft

Samrøystes fylkesting ber på nytt om at vindkraftutbygginga på Haramsøya blir stoppa.

Marius Rosbach
16.06.2020
Fylkestinget i Møre og Romsdal gjekk tysdag inn for ei uttale som er i tråd med uttalen i fylkesutvalet i sitt siste møte. Her ber dei på nytt om stans av vindkraftutbygginga på Haramsøya og viser samtidig til kravet frå Ålesund kommune om nye støymålingar.
Bakgrunnen var einfrå Silje Alise Ness frå Raudt. Ein lang rekke av politikarane ville ha ordet for å seie si meining – og alle ville markere si motstand mot vindkraftprosjektet på Haramsøya.

Samla seg bak nytt forslag

Fylkesordførar Tove-Lise Torve innleia med å seie at ho godt forstod frustrasjonen til folk på Haramsøya. Ho viste til , og foreslo at fylkestinget vedtok ei tilsvarande uttale.
Eit samrøystes fylkesting samla seg om uttalen der dei ber regjeringa stanse vindkraftutbygginga i påvente av krav frå Ålesund kommune om ny kartlegging av støy - og at organisasjonen Motvind har teke saka inn for domstolane. Det blir også vist til uttalen frå fylkesutvalet.

Ville ha fleire undersøkingar

I interpellasjonen bad Alise Ness i hovudsak om at arbeidet på Haramsøya blei stansa.
I tillegg ville ho at fylkestinget bad om ei analyse av konsekvensane frå utslepp av ulike type olje i, ein overvaking av hubro og at administrasjonen i tillegg gjorde ei ny vurdering av konsekvensane av utbygginga. Ho ville også ha ei avklaring av dei privatrettslege tvistane i saka, og at anleggsarbeidet blei stansa av påvente av dette.
I løpet av debatten gjekk Raudt-representanten med på å gjere om sine innspel til eit sokalla oversendingsforslag – som blei vedteke mot seks stemmer. Det betyr at administrasjonen nyttar det som eit signal i arbeidet med ein uttale om ei komande stortingsmelding om vindkraft.

Har bedt om møte med statsråden

Fylkesordføraren kunne også informere at ho hadde bedt om eit møte med den politiske leiinga i olje- og energidepartementet og NVE, der også gruppeleiar for Høgre, Anders Riise, ville delta.
Målet med møtet er å påpeike feil i sakshandsaminga, og framføre bodskapen om at det var lurt å «ta ein fot i bakken» og stanse utbygginga straks. Torve påpeika at tida var overmoden for at det blei gjort endringar i konsesjonsbehandlinga for vindkraftsaker.
Eit forslag på overtid frå Carl Johansen (MDG) der det også blei bedt om vetorett for kommunane i vindkraftsaker, blei trekt etter åtvaringar om at det kunne velte eit samrøystes vedtak. Johansen blei oppmoda om å ta også dette momentet inn for politisk behandling av ei uttale til stortingsmeldinga.

Les også:




Publisert: 16.06.2020 18:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58