Nytt
Nytt liv i Holmøy Møbelfabrikk
David Sigurdsson og Jarl Even Eide i Stryn skal få nytt liv i Holmøy Møbelfabrikk. Les kva dei satsar på.
08.01.2015
Dei to møbelsnikkarane, med fortid mellom anna frå Tonning Møbelfabrikk og Hagen trappefabrikk i Stryn, kjøper bygg og maskiner frå konkursbuet i Holmøy Møbelfabrikk ved Hornindalsvatnet for under 500.000 kroner.
- Vi fekk bedrifta så billeg at vi ikkje kunne sleppe den, seier Jarl Even Eide.
Han er dagleg leiar i Feel Free Production, som han eig saman med kreativ leiar David Sigurdsson. Firmaet, som hadde sitt første driftsår i 2014, har mellom anna levert fleire butikkinnreiingar til Ricco Vero, og satsar på alt frå oppussing til spesialttilpassa innreiingar.
Eit panel festa i veggen skal brukast til alt frå å henge opp hyller, benkar og bordplater, til feste for bildekk og verktty. Utviklingsarbeidet er delvis finansiert av Innovasjon Noreg, og målet er å kunne lansere produkter på marknaden i år.
Holmøy Møbelfabrikk gjekk konkurs i fjor haust, etter 76 års drift.
- Ja, det er tungt. Det er knytt sterke kjensler til denne bedrifta. Min bestefar var med å starte opp bedrifta i 1938, sa dagleg leiar Per Kåre Holmøy til NETT NO i samband med konkursopninga.
Seks tilsette arbeidde ved møbelbedrifta ved konkursen.
Holmøy Møbelfabrikk hadde mange spesialoppdrag for butikkar, hotell- og restaurantar, bussprodusentar og ikkje minst båtprodusentar. Bedrifta var stor leverandør av innreiingar til småbåtprodusenten Viksund, og tapte mykje driftsinntektene då båtprodusenten gjekk konkurs.
I fjor vår rekna dagleg leiar Sigve Høydal med at det kunne gå mot slutten for Høydal Møbelfabrikk innan få år, etter over 80 års møbelproduksjon i Høydalen i Austefjorden i Volda.
Fabrikken hadde mista store kundar, fordi kundane hadde flytta møbelproduksjon til utlandet. Dessutan var tre av fire tilsette berre få år unna pensjonsalder.
No har bedrifta fått eitt nytt bein å stå på, produksjon av PVC-produkt. Arbeidsstokken er utvida til fem, og investorane Per Jan Helset, Ottar Skare og Håvard Årsheim har skote inn 450.000 i ny kapital, og blitt medeigarar i bedrifta, i følgje Sunnmørsposten.
- Vi fekk bedrifta så billeg at vi ikkje kunne sleppe den, seier Jarl Even Eide.
Han er dagleg leiar i Feel Free Production, som han eig saman med kreativ leiar David Sigurdsson. Firmaet, som hadde sitt første driftsår i 2014, har mellom anna levert fleire butikkinnreiingar til Ricco Vero, og satsar på alt frå oppussing til spesialttilpassa innreiingar.
Eigneutvikla innreiing
Hittil har Eide og Sigurdsson hatt verkstad vegg i vegg med kontoret i Stryn sentrum. Der har dei mellom anna arbeidd med å utvikle ei innreiingsløysing som kan brukast over alt, frå garasjer, via hyblar til sove- butikk- og hotellrom.Eit panel festa i veggen skal brukast til alt frå å henge opp hyller, benkar og bordplater, til feste for bildekk og verktty. Utviklingsarbeidet er delvis finansiert av Innovasjon Noreg, og målet er å kunne lansere produkter på marknaden i år.
Slutt etter 76 år
Det er mellom anna trua på den eigenutvikla innreiingsløysinga som ligg bak kjøpet av anlegget til Holmøy Møbelfabrikk, knappe 20 minutt unna Stryn sentrum. I tillegg til Eide og Sigurdsson har Feel Free Production ein tilsett.Holmøy Møbelfabrikk gjekk konkurs i fjor haust, etter 76 års drift.
- Ja, det er tungt. Det er knytt sterke kjensler til denne bedrifta. Min bestefar var med å starte opp bedrifta i 1938, sa dagleg leiar Per Kåre Holmøy til NETT NO i samband med konkursopninga.
Seks tilsette arbeidde ved møbelbedrifta ved konkursen.
Spesialproduksjon
Dei nye eigararane av anlegget held delvis fram der dei førre slapp.Holmøy Møbelfabrikk hadde mange spesialoppdrag for butikkar, hotell- og restaurantar, bussprodusentar og ikkje minst båtprodusentar. Bedrifta var stor leverandør av innreiingar til småbåtprodusenten Viksund, og tapte mykje driftsinntektene då båtprodusenten gjekk konkurs.
Ny giv i Høydalen
Holmøy Møbelfabrikk og nykomaren Feel Free Production konkurrerer delvis i same marknad som ei anna lita møbelbedrift på Nordvestlandet, Høydal Møbelfabrikk.I fjor vår rekna dagleg leiar Sigve Høydal med at det kunne gå mot slutten for Høydal Møbelfabrikk innan få år, etter over 80 års møbelproduksjon i Høydalen i Austefjorden i Volda.
Fabrikken hadde mista store kundar, fordi kundane hadde flytta møbelproduksjon til utlandet. Dessutan var tre av fire tilsette berre få år unna pensjonsalder.
No har bedrifta fått eitt nytt bein å stå på, produksjon av PVC-produkt. Arbeidsstokken er utvida til fem, og investorane Per Jan Helset, Ottar Skare og Håvard Årsheim har skote inn 450.000 i ny kapital, og blitt medeigarar i bedrifta, i følgje Sunnmørsposten.
Vi fekk bedrifta så billeg at vi ikkje kunne sleppe den
Publisert: 08.01.2015 10:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40