Nytt Moerenot oppkjoep
DANSK: Danske Hvalpsund Net er no ein del av Mørenot-konsernet. Prisen for selskapet er ikkje opplyst.
Nytt

Nytt Mørenot-oppkjøp

Kjøper dansk selskap.

07.08.2019
Mørenot kjøper det danske selskapet Hvalpsund Net.
Hvalpsund Net er har ei årleg driftsinntekt på cirka 200 millionar kroner. Medrekna det danske selskapet har Mørenot-konsernet ei omsetning på 1,2 milliardar kroner. Mørenot hadde eit driftsresultat på omlag 10 prosent av driftsinntektene i fjor.
Hvalsund Net lagar fleire produkt som Mørenot også lagar; garn, liner og nøter, men produserere i tillegg store plastringar til oppdrettsmerder og spesielle tau. Å få plastringer for oppdrettsmerder i porteføljen er ein av grunnane til oppkjøpet, i følgje Mørenot.
Kva Mørenot betaler for Hvalpsund Net er ikkje opplyst, men Mørenot skriv i ei pressemelding at alle eigarane reinvesterer ein god del av gevisnt i Mørenot-aksjar.
Investeringsfondet FSN Capital blei største aksjonær i Mørenot i mars i fjor, og kom med store vekstambisjoner.

Etter at FSN Capital kom inn på eigarsida har Mørenot også kjøpt aksjemajoriteten i selskapet Plastfabrikken i Bodø og døypt den om til Mørenot Robotics, og kjøpt notbøteri i Steigen og Hepsø Nortservice i Trøndelag.

Publisert: 07.08.2019 17:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38