Nytt rekordaar for Platina Seafood
VEKST: Etter at André Skrabø blei eineeigar i 2011 har Platina Seafood gått frå 75 millionar kroner til 1,5 milliardar kroner i driftsinntekter.
Nytt

Nytt rekordår for Platina Seafood

André Skarbø tek ut 15,5 millionar kroner i utbytte.

29.07.2019
Skarbø er eineeigar i lakseeksportøren Platina Seafood, etter at han kjøpte ut Norsk Sjømat i 2011.
Då hadde selskapet 75 millionar kroner i driftsinntekter, i fjor passerte Platina Seafood 1,5 milliardar. Det er ein halv milliard i driftsinntekter for kvar av dei tre tilsette.
Selskapet posisjonerte seg godt i høve til prisoppgangen i starten av 2018, og selskapet er godt fornøgd med resultatet ut frå svingingane i råstoffprisane, skriv det i
I år ventar selskapet meir stabile lakseprisar og større press på marginane enn i fjor.

Etter 2015 tok Skarbø ut utbytte for første gang, to millionar kroner etter 2015, fire millionar etter 2016, 12 millionar etter 2017 og no 15,5 millionar etter 2018.

Publisert: 29.07.2019 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37