- Ja, det ser bra ut i år. Det teiknar til å verte eit toppår, seier dagleg leiar Hallvard Viken.
Det er først og fremst turistar frå Taiwan som dreg opp handelen. I tillegg er det i år mange turistar frå USA som legg att ein god del pengar ved pynte- og gåvehuset i Skei.
- Det er mindre turistar frå land som Russland i år, men andre land har teke over. Slik er det gjerne.
- I tillegg til utlendingane, er her også mange sunnmøringar som stoppar her og handlar.
71-åringen er son til legendariske Audhild Viken, som på det meste hadde 200 vevarar i sving som ein del av Audhld Vikens Vevstove.
Dette firmaet vart starta i 1947, men Hallvard Viken overtok drifta i 1985.
- Då dreiv vi litt med torghandel for reisande som kom forbi.
- Men det var først i 1970 vi bygde ei lita salshytte, seier han.
No er Viken-konsernet av dei største i Norge på suvenir- og gåveartiklar.
I 2014 omsette konsernet for rundt 120 millionar kroner.
- Det har vore ei eventyrleg utvikling, seier Viken.
Men med utgangspunkt frå basen i Jølster, er det starta opp ei rekkje nye selskap, og etablert 23 butikkar rundt om i landet.
Medan det er Hallvard og kona Eli som tek seg av drifta i Skei, er det i stor grad sønene Audun og Harald som tek seg av mange av dei andre satsingane.
Fleire stader er det starta Julehuset, og i Bergen er det endåtil ein eigen butikk med elgsuvenirar under namnet Moose Shop.
Frå den spede starten i Skei, er det no butikkar på stader som Oslo, Stavanger, Førde, Geiranger, Dombås og Trondheim. Berre ved Bryggen i Bergen er det sju ulike butikkar.
- Det er spennande å sjå om vi får tilslaget her, seier Hallvard Viken.
71-åringen har ingen planar om å gi seg.
- Nei, dette passar godt for meg. Eg likar liv og røre, og her er ingen dag lik.
Derimot har det vorte lengre mellom dei norskproduserte produkta.
- Det er leitt, men vi tek inn så mykje som vi kan frå lokale, seier Viken.
Det er først og fremst turistar frå Taiwan som dreg opp handelen. I tillegg er det i år mange turistar frå USA som legg att ein god del pengar ved pynte- og gåvehuset i Skei.
- Det er mindre turistar frå land som Russland i år, men andre land har teke over. Slik er det gjerne.
- I tillegg til utlendingane, er her også mange sunnmøringar som stoppar her og handlar.
71-åringen er son til legendariske Audhild Viken, som på det meste hadde 200 vevarar i sving som ein del av Audhld Vikens Vevstove.
Dette firmaet vart starta i 1947, men Hallvard Viken overtok drifta i 1985.
Starta med torghandel
Men alt i 1962, som 18-åring, var han involvert.- Då dreiv vi litt med torghandel for reisande som kom forbi.
- Men det var først i 1970 vi bygde ei lita salshytte, seier han.
No er Viken-konsernet av dei største i Norge på suvenir- og gåveartiklar.
I 2014 omsette konsernet for rundt 120 millionar kroner.
- Det har vore ei eventyrleg utvikling, seier Viken.
23 butikkar
I Skei er det no både suvenir- og gåvebutikk, handel med eigenutvikla klede, ein eigen julebutikk og ein kafè med plass til 160 gjestar.Men med utgangspunkt frå basen i Jølster, er det starta opp ei rekkje nye selskap, og etablert 23 butikkar rundt om i landet.
Medan det er Hallvard og kona Eli som tek seg av drifta i Skei, er det i stor grad sønene Audun og Harald som tek seg av mange av dei andre satsingane.
Ting og Småting
Her finn ein mellom anna satsinga Ting, der ein kan kjøpe gåveartilar over nettet, og Småting, med mange gåveprodukt for dei mindre.Fleire stader er det starta Julehuset, og i Bergen er det endåtil ein eigen butikk med elgsuvenirar under namnet Moose Shop.
Frå den spede starten i Skei, er det no butikkar på stader som Oslo, Stavanger, Førde, Geiranger, Dombås og Trondheim. Berre ved Bryggen i Bergen er det sju ulike butikkar.
Vil til Gardermoen
Viken-familien vil vekse endå meir, og har inne tilbod om å etablere seg på Gardermoen.- Det er spennande å sjå om vi får tilslaget her, seier Hallvard Viken.
71-åringen har ingen planar om å gi seg.
- Nei, dette passar godt for meg. Eg likar liv og røre, og her er ingen dag lik.
Derimot har det vorte lengre mellom dei norskproduserte produkta.
- Det er leitt, men vi tek inn så mykje som vi kan frå lokale, seier Viken.
Eg likar liv og røre, og her er ingen dag lik
Publisert: 01.08.2015 06:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45