Nytt toeft aar for Domstein
TRE ÅR MED MINUS: Med base i Fiskehallen i Oslo satsa Rolf Domstein på nytt på sjømatdistribusjon etter at Domstein-konsernet blei tatt av børs.
Nytt

Nytt tøft år for Domstein

Domstein Sjømat har gått med til saman 70 millionar kroner i underskot dei tre siste åra.

07.07.2017
Selskapet er det største i Domstein-konsernet, og driv med landsdekkande distribusjon av fisk og annan sjømat.
I fjor kom det tredje underskotet på rad, minus 29,6 millionar kroner. Inntektene gjekk ned frå 682 til 599. Det er det motsette av kva morselskapet Domstein as venta seg i årsberetninga for 2015 - det det vart skrive at grunnlaget var lagt for lønsam vekst i konsernet.
Veksten kom rett nok i det andre store dotterselskapet, Domstein Fish, men veksten kom berre i driftsinntektene, medan lønsemda vart redusert (sjå tabell). Domstein Fish driv fryselager på Raudeberg i Vågsøy og leverer agn til lineflåten.

Tok over selskapet

Domstein Sjømat er eit resultat av transaksjonane som vart gjort før Domstein-konsernet vart stroke frå notering på Oslo Børs i 2014:
Kverva, investeringsselskapet til laksemilliardæren Gustav Witzøe på Frøya overtok Domstein ASA si fiskeforedling- og distribusjonsverksemd i Sverige.
Domstein-brødrene Rolf, Gunnar og Knut Magne kjøpte alle aksjane i Domstein ASA og tok selskapet av børs.

I den operasjonen vart dei også eineigarar i verksemda som i dag ligg i Domstein Fish og Domstein Sjømat.

Tok over konkursbu

Domstein ASA kjøpte buet etter konkursen i fiskedistribusjonsselskapet Enghav i 2013 - eit selskap Domstein ASA var medeigar i - og satsa på ny frisk der det tidlegare Enghav er ein viktig del i Domstein Sjømat.
- Etter konkursen var vi langt nede, vi miste mykje av omsetninga. No har vi passert kritisk masse, og tener pengar, sa administerande direktør Rolf Domstein til NETT NO i 2014.

NETT NO har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Rolf Domstein.

Publisert: 07.07.2017 10:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12