Atle Storvik Astorplast foto Ogne
VEKST: Atle Storvik starta Astorplas som ein enkeltmannsforetak i 1997 og har hatt markert vekst dei siste åra. Arkifoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt vekstår for Astorplast i 2021

Ligg an til ny vekst i år.

17.06.2022

Oppbemanning og utviklingskostnadar gjorde at Astorplast fekk minusresultat i fjor.

Eigar og dagleg leiar Atle Storvik auka både teknisk stab og tilsette fleire i produksjonen. Samstundes lanserte plastkomponenten i Herøy to nye ventilar.

Den kostnadsauken får Storvik ikkje i år. Selskapet ligg ant til ytterlegare vekst, og overskot, seier han til NETT NO.

Selskapet, som sysselsette 35 årsverk i fjor, har også lagt dei negative effektane av reiserestriksjonane under koronatida bak seg. Dei gjorde langtidspendlinga meir komplisert og dyrare knytt til den delen av arbeidsstokken som har familien i Polen og arbeider på rotasjonsordning.

Prisauken på råvarene Astorplast brukar starta under koronatida, og har halde fram sidan. Einskilde plastprodukt har blitt heile 150 prosent dyrare, men korte leveringstider gjer at selskapet har greidd å auke prisane på sine produkt for å kompensere for prisauken, ifølgje Storvik.

Astorplast as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt66,159,5
Driftsresultat-3,10,9
Resultat før skatt-3,60,6

Publisert: 17.06.2022 13:44

Sist oppdatert: 17.06.2022 14:46

Mer om