Urke kraftverk foto tussa
BETRE BETALT: Høgare kraftprisar gav betre lønsemd trass redusert produksjon. Biletet viser Tussa sitt kraftverk på Urke. Foto: Tussa
Nytt

Nær dobla kraftinntekter

Tussa ventar betre resultat enn i fjor.

14.06.2023

Kraftselskapet Tussa auka inntektene for kraftproduksjonen sin frå 98 millionar kroner i 1. tertial 2022 til 193 millionar kroner i 1. tertial 2023.

Resultatet før skatt frå kraftproduksjonen auka i same periode frå 37 til 69 millionar kroner. Overskotet auka sjølv om kraftproduksjonen fall frå 304 GWh til 211 GWh.

Høgare resultat frå kraftproduksjonen er hovudforklaringa på at resultatet før skatt auka for Tussa-konsernet i 1. tertial i årsamanlikna med i 2022. (sjå tabell).

Tussa offentleggjer tertialreknskap. Eitt tertial er fire månadar.

Les tertialrapporten her

Den gjennomsnittlege kraftprisen på NordPool per utgangen av 1. tertial har vore knappe 63 øre/kWh, noko som er vesentleg høgare enn på tilsvarande tid i fjor, skriv Tussa i tertialrapporten.

Også i andre tertial i år ventar Tussa kraftprisen vil vere høgare enn i fjor, medan den vil ligge under i tredje tertial samanlikna med tredje tertial i 2022. Samla sett ventar Tussa likevel høgare resultat frå kraftproduksjonen enn i 2022.

Tussa as
1. tertial. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt487,1353,9
Driftsresultat167,374,3
Resultat før skatt116,669,7

Publisert: 14.06.2023 13:54

Sist oppdatert: 14.06.2023 13:54

Mer om