Naeringsforeiningar styrkjer samarbeidet
NÆRINGSFOREININGAR GÅR SAMAN FOR SØRE SUNNMØRE: Bak frå venstre: Daniel Garden (Ulstein), Oddbjørn Indregård (Sande), Roar Vikene (Volda), Idar Flø (Hareid), Odd Magne Vinjevoll (Ørsta) og Tor Inge Nygård (Vanylven). Framme: Merethe Hjertø Flusund (Herøy) og Julie Sundgot (Hareid).
Nytt

Næringsforeiningar styrkjer samarbeidet

Meir samarbeid skal gjere søre Sunnmøre synlegare.

22.06.2020
Næringsforeiningane i Hareid, Ulstein, Herøy, Vanylven, Ørsta og Volda, og Sande kommune går saman om eit tettare samarbeid.
Målet er mellom anna å gjere søre Sunnmøre synlegare som ein felles arbeidsmarknad og få større tyngde i arbeidet for å utvikle og fremje interessen til næringslivet i området.
- Det gjer vi betre i lag, seier Merethe Hjertø Flusund i Havlandet (Herøy).

Markerte samarbeid

I dag markert næringsforeiningane samarbeidet med ei samling i Eiksund.
Eit møte i februar var starten på samarbeidet, og etter møte nummer to, 20. april i år gjekk Havlandet AS (Herøy), Hareid Næringsforum, Vekst i Hareid, Vanylven Utvikling AS, Volda Næringsforum, Ørsta Næringskontor og Ulstein Næringsforum saman om å formalisere samarbeidet. Sande kommune, som ikkje har eiga næringsforeining, er også invitert med.
Til saman omfattar samarbeidet kommunar med omlag 50.000 innbyggjarar.

Søkjer støtte

Etter sommarferien håpar Hjertø Flusund at dei sju kommunane i samarbeidet omfattar seier ja til å støtte eit forprosjekt som skal finn om kva som er den beste måten å marknadsfører søre Sunnmøre som ein region.
Hos seier til NETT NO at det blant anna er eit problem for området at sentrale styresmakter definerer søre Sunnmøre som fleire arbeidsmarknadar, sjølv om det i realiteten er ein. Kvar for seg blir dei då små i konkurransen om å få etablerte statlege arbeidsplassar .

Publisert: 22.06.2020 15:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58