Mowi anleg til Ode Sighaug foto asteco Drone
TRENG GODKJENNING: Ode sitt mål er å få ei rask godkjenning slik at anlegget i Vanylven (biletet) kan leggast om frå berggylt til torsk i sommar. Foto: Asteco
Nytt

Ode kjøper Mowi-anlegg

Skal legge om frå berggylt til torskeoppdrett i Vanylven.

11.05.2026

Ode skal drette opp settefisk og stamfisk til dei andre torskeoppdrettsanlegga sine. Det fortel torskeoppdrettselskapet i ei pressemelding om eigarskiftet for anlegget på Sighaug i Vanylven.

Partane opplyser ikkje prisen.

Mowi driv oppdrett av berggylt i anlegget i dag, og Ode søkjer om løyve til å legge om til torsk.  Berggylt blir brukt som såkalla rensefisk, som blir sett ut i lakseoppdrett for å beite på lakselus som har bite seg fast i skinnet på laksen. 

Ode trur på eit ja.

– Det er ingen grunn til å ikkje godkjenne det, seier leiar for samfunnskontakt i Ode. Falk D. Øveraas til Nett No.

Stamfisk er fisk som blir bruk til produksjon av ny torskeyngel, settefisk er fisk som blir frakta til andre anlegg når den er stor nok for å vekse seg opp til slaktevekt der. 

Dei tilsette blir med
Dei som er tilsett på Sighaug-anlegget blir med over til Ode når det skal leggast om frå berggylt til torsk.

Anlegget har vore brukt til torskeoppdrett før Mowi tok over.

 

Publisert: 11.05.2026 09:50

Sist oppdatert: 11.05.2026 09:50

Mer om