Slakteri utside 1
SKIFTER EIGAR: Torskeoppdrettselskapet Ode er ny eigar av slakteriet på Vartdal (bildet) som no legg om frå laks til torsk. Foto: Ode
Nytt

Ode kjøper slakteri på Vartdal

Skal legge om frå laks til torsk. Lovar fleire arbeidsplassar.

23.02.2024

Det er det børsnoterte Måsåval-konsernet som sel lakseslakteriselskapet Western Seaproducts torskeoppdrettselskapet Ode.

Western Seaproducts eig og driv lakseslakteriet på Vartdal, som i dag har 29 tilsette.

Måsåval la slakteriet ut for sal i fjor haust. Kva Ode betalar er ikkje opplyst.

Les børsmelding her

Legg om til torsk
“I Ode har vi sidan starten gjort det tydeleg at vi skal vere heilintegrerte. Med oppkjøpet av slakteriet på Vartdal får vi kontroll frå yngel og heile vegen til kunden.” seier administrerande direktør og gründer Ola Kvalheim i Ode i ei pressemelding.

No blir det lagt om frå slakting av laks til slakting av torsk på Vartdal.

Slakteriet skal oppgraderast for å bli eit anlegg med høg kapasitet, for slakting og bearbeiding av torsk, ifølgje pressemeldinga.

Har slakta hos Hofseth
Fram til no har Ode fått slakta torsken sin på Hofseth sitt slakteri.

I fjor produserte Ode knappe fire millionar kilo torsk, i år er planen 12 millionar kilo.

- Vi har planane og kapitalen klar for å investere i auka kapasitet på slakting og lokal bearbeiding av filetprodukt og restråstoff. Vi ser for oss å auke aktiviteten og antall tilsette frå litt over 20 i dag og opp mot 100 personer gradvis gjennom 2024 og inn i 2025, men denne utviklinga vil hovedsakeleg avhenge av framdrift på ein del ulike søknadar både hos kommunen, fylkeskommunen og andre etatar.” seier Kvalheim i pressemeldinga.



Publisert: 23.02.2024 15:05

Sist oppdatert: 23.02.2024 15:07