23. januar vedtok Fiskeridirektoratet å trekkje attende løyvet til å drive torskeoppdrett ved Dysjaneset på Kvamsøya i Sande kommune, etter ein klage frå Naturvernforbundet. Vedtaket viser mellom anna til miljomsyn, som faren for negative verkandar for vill torsk.
Anlegget har vore i drift sidan hausten 2024 og har åtte tilsette. Vedtaket vil betyr at anlegget må avviklast og dermed er også arbeidsplassane i fare.
Dei tilsette har det til felles at dei er unge i småbarnsfasen og etableringsfasen. Nokre bur på Kvamsøya, andre pendlar frå Gurskøya og Vanylven, skreiv Sunnmørsposten i førre veke.
– Eg satsa alt på denne jobben, og har flytta til Larsnes med sambuaren. Så vart løyvet trekt tilbake, sa Lasse Silden til avisa.
Omgjering på eige initiativ
No kan vedtaket om å trekkje løyvet attende bli gjort om.
"Vedtaket om lokalitet Dysjaneset av 23. januar 2026 vurderes omgjort av Klagesaksenheten av eget tiltak etter forvaltningsloven § 35.", skriv Fiskeridirektoratet i ein epost til Nett No. I eposten blir det ikkje opplyst noko om kvifor vedtaket eventuelt kan bli omgjort.
Klagesakeneheten er ei eiga eining knytt til Fiskeridirektoratet. Den blei oppretta for å få avstand mellom dei sakshandsamarane som treff vedtak for direktoratet, og sakshandsamarane som behandlar eventuelle klager på dei same vedtaka.
Paragraf 35 gir forvaltningsorgan, i dette tilfellet Klagesaksenheten/Fiskeridirektoratet, rett til å gjere om eigne vedtak, sjølv om det ikkje er levert klage på vedtaket.
Har ikkje klaga
Ode har førebels ikkje klaga på vedtaket om at det ikkje kan drivast torskeoppdrett ved Kvamsøya, og kommunikasjonsansvarleg Falk D. Øveraas i Ode seier han ikkje har nokon kommentarar inntil det eventuelt kjem eit nytt vedtak.
Fylkessekretær Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er forundra over at direktoratet vurderer å gjere om på vedtaket om å trekkje attende løyvet til å drive torskeoppdrett ved Dysjaneset.
– Eg har knapt nok høyrt om noko sånt før, seier han.
I eit innlegg i avisa Vestlandsnytt 5. februar kritiserte Folden både fylkeskommunen og Fiskeridirektoratet for sein sakshandsaming av Naturvernforbudnet sin klage, som vart levert i april 2023. Når Ode starta drift ved Dysjaneset før klagen vart handsama gamlba selskapet på at Naturvernforbundet ikkje skulle få medhald.
Publisert: 13.02.2026 13:05
Sist oppdatert: 13.02.2026 23:57






