Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
MEST MINUS: Berre fire børsnoterte selskap i nordvest fekk ein opptur på børsen i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Offshore på topp og botn

For femte dag på rad stig Havila Shipping-kursen kraftig.

19.01.2023

Hittil i år har aksjekursen i Havila Shipping stige 39,9 prosent. I dag var aksjen opp 8,25 prosent, til 17,32 kroner og selskapet blei børsvinnar på Nordvestlandet, akkurat som i går.

Med unntak av nokre få dagar sommaren 2022 har Havila Shipping-aksjekursen i Havila Shipping ikkje vore høgare enn i dag sidan tidleg på våren 2017.

Dagens aksjekurs verdset Havila Shipping til 412 millionar kroner.

I går hadde det andre børsnoterte offshorerederiet med adresse Nordvestlandet, Golden Energy Offshore Services, den høgast kursauke blant selskapa på Nordvestlandet. I dag var det Golden Energy Offshore Services som fall mest i nordvest, 6,88 prosent ned.

Truleg er forklaringa at det lett blir store svingingar når det er relativ liten handel i aksjen, og ikkje ein brå tillitssvikt hos investorane.

Golden Energy Offshore Services-kursen har stige 14,29 prosent sidan årsskiftet, trass kursfallet i dag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 17,32 8,25 %
Nortel 19,10 2,14 %
Havila Kystruten 10,50 1,45 %
Hav Group 8,70 1,14 %
Statt Torsk 1,66 -0,30 %
Hofseth Biocare 2,95 -0,67 %
Salmon Evolution 8,16 -0,73 %
Endúr 27,20 -1,02 %
Norva 24* 35,34 -1,17 %
Sparebanken Møre 78,00 -1,27 %
Atlantic Sapphire 7,24 -1,43 %
Arctic Bioscience 11,45 -2,14 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,93 -2,33 %
Hexagon Purus 24,78 -3,58 %
Hexagon Composites 32,52 -3,67 %
Golden Energy Offshore Services 1,44 -6,80 %
*Svenske kroner

Publisert: 19.01.2023 17:22

Sist oppdatert: 19.01.2023 22:53