Offshore Trawl Supply Stein Frode Bulling Ness innfelt foto OTS
MÅ VERE UTE I GOD TID: Først rundt 2030 reknar Offshore & Trawl Supply med større volum i havvindmarknaden, men prosessane fram til bygging og drift av havvindanlegg er så lange at Offshore & Trawl Supply meiner det er viktig å vere tidleg ute. Innfelt dagleg leiar Stein Frode Bulling-Ness. Foto: Offshore & Trawl Supply.
Nytt

Offshorespesialist satsar på havvind

Planlegg ny fabrikk for å vinne innpass i vindkraftbransjen.

31.08.2022

Offshore & Trawl Supply (OTS) på Valderøya starta som leverandør til fiskeflåten, og er no ein stor leverandør av tauverk og fortøyingsløysingar til oljebransjen.

No satsar selskapet på ein ny bransje - vindkraft.

- Det ser ut til å kome ein stor marknad for flytande havvind, seier dagleg leiar Stein Frode Bulling-Ness.

OTS har etablert datterselskapet Advanced Mooring Supply (AMS) og legg satsing på vindkraft inn i det selskapet. Selskapet trur auka volum vi favorisere tauverk i staden for kjetting, både av pris- og vektomsyn.

Planen er mellom anna å bygge ein ny fabrikk og tilsette folk for å produsere tauverk og fortøyingsløysingar for flytande vindkraftanlegg.

Medan kundane til OTS i oljebransjen etterspør skreddarsaum, reknar Bulling-Ness med at etterspørselen frå vindkraftbransjen blir etter meir standardiserte løysingar. Det gjer at den nye fabrikken skal byggast for ein annan type produksjon enn i dag.

Lang tidshorisont
Først rundt 2030 reknar Bulling-Ness med eit større volum frå marknaden for flytande vindkraftanlegg.

Likevel er det viktig å kome i gang no, ifølgje Bulling-Ness, fordi det i vindkraftbransjen typisk tek fleire år frå den første kontakten mellom leverandør og kunde fram til produkta skal leverast.

OTS har 25 tilsette i dag, og treng den plassen selskapet har i dagens bygg og tomt. Kvar den nye fabrikken blir og kor stor investering det blir for OTS kan Bulling-Ness førebels ikkje svare på, men seier fabrikken skal byggast på Nordvestlandet.

På oljemessa
Denne veka er Bulling-Ness på plass på olje- og energimessa ONS i Stavanger, der mange av selskapet sine kundar frå oljebransjen er.

Oljebransjen er ein marknad OTS framleis skal satse på. Satsinga på vindkraft skal kome i tillegg.

Også i oljebransjen er det aukande aktivitet, og Bulling-Ness reknar med at driftsinntektene til OTS i år vil ende omlag som i 2020, etter ein nedtur på grunn av korona i fjor (sjå tabell).

2015 er det førebels beste året for OTS, målt i driftsinntekter. Då var driftsinntektene 98 millionar kroner, og resultatet før skatt 33 millionar.

Deretter slo verknaden av oljeprisfallet i 2014 inn og driftsinntektene svinga rundt 65 millionar kroner fram til 2020, då dei steig til 77 millionar kroner.

OTS er eig av Rolf Arne, Anita Lill, Lukas Heggem og Tuva Andrea Giskeødegård gjennom selskapet Isabell. Rolf Arne Giskeødegård er største aksjonær, med 43,2 prosent eigarandel, medrekna A-aksjane i selskapet.

Offshore & Trawl Supply as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt65,776,6
Driftsresultat2,97,9
Resultat før skatt2,25,6
Utstillarar frå Nordvestlandet på ONS 2022
Abyss Group
Hyperthermics
Kristiansund og Nordmøre Næringsforum
Maritime Partner
Nordfjord Havn IKS
Offshore & Trawl Supply
Partnerplast
Seaonics
Skipsteknisk
Strukturplast
Uptime International
Nokon som manglar? Gi oss ein melding

Publisert: 31.08.2022 13:00

Sist oppdatert: 03.07.2024 19:12

Mer om