Offshorebåt blir avlusingsfartøy
Fiskerstrand Verft skal bygge om forsyningsskipet Olympic Elena for over 30 millionar kroner.
Det er selskapet Buksér & Berging som har kjøpt skipet, som skiftar namn til BB Orca.
Det stadfestar økonomidirektør John Steinar Danielsen i Buksér & Berging. Han vil ikkje kommentere kjøpesum, eller kven som skal leige skipet etter ombygging.
Olympic Elena vart levert til Olympic Shipping i 2007, og har ligge i opplag sidan 2017. Fartøyet ble slept til Fiskerstrand Verft i går, torsdag 24. juni og skal vere ferdig ombygd til 1. oktober.
Ombygging nummer to
Eit godt oppdrag for verftet, seier administrerande direktør Magne Standal ved Fiskerstrand Verft.
Dette er andre gang verftet byggjer om eit offshorefartøy til avlusingsfartøy.
I tillegg til ombyggingane og plasseringane av utstyr på dekk skal verftet utbetre resten av skipet og gjere det klar til bruk etter opplagsperioden.
Over 30 millionar
Standal seier oppdraget er på i overkant av 30 millionar kroner for Fiskerstrand Verft.
I følgje Norsk Skipsfartsforum, som skreiv om salet av Olympic Elena 13. juni vart fartøyet overtatt av Buksér & Berging 25. mai frå selskapet Olympic Shipping. Det er eit selskapet i Olympic Subsea-konsernet, der Stig Remøy er leiar og største aksjonær.
Stig Remøy seier salet ikkje har nokon reknskapsmessig effekt for selskapet.
Publisert: 25.06.2021 10:23
Sist oppdatert: 25.06.2021 10:23