Oljeboomen er over
NEDTUR: 2015 blei ein nedtur for Brattvåg Hotell. I år ser det betre ut.
Nytt

Oljeboomen er over

Oljeboomen er over for Brattvåg Holding i denne omgang. 

09.09.2016
I 2013 hadde selskapa Brattvåg Hotell og Brattvåg Boligrigg til saman 22,4 millionar kroner i driftsinntekter.
I fjor var inntektene krympa til 7,1 millionar kroner, og hotellet gjekk med underskot.

Svingar med verftet

Tove Vestre og Trond Arve Skjelten eig selskapa Brattvåg Boligrigg og Brattvåg Hotell 50/50 gjennom selskapet Brattvåg Holding.
I 2013 dreiv Brattvåg Boligrigg as dreiv kantineverksemd og bustadrigg for Vard. Frå slutten av 2013 tok ISS over det oppdraget, og Brattvåg Boligrigg er i dag eit selskap utan drift og tilsette.
Hotellet er eit forretningshotell, der verksemda i stor grad svingar i takt med aktiviteten på Vard-verftet i Brattvåg.
- Turistar har vi ikkje her, sa Tove Vestre til NETT NO i fjor.

Rart år

I fjor spådde Vestre at 2015-resultatet ikkje kom til å bli så bra. Det stemte.
- I fjor var det eit veldig rart år, seier hennar kompanjong Trond Arve Skjelten.
Dei byggjeprosjekta som var på verftet i fjor skapte uvanleg lite trafikk på hotellet. I år er aktiviteten meir attende til normale i høve til byggeaktiviteten på verftet, og Skjelten seier han rekna med at hotellselskapet skal gå i pluss.

Slutt på nyttårsaftan

2016-reknskapen blir det siste selskapet gjer som hotelldrivar i Brattvåg. Når året er omme er driftselskapet Brattvåg Hotell as ute av hotellet. Leigeavtalen med Samfjordkvartet, som eig bygget, blir ikkje fornya, og eit nytt driftsselskap tek over.
Skiftet ha vore planlagt lenge. Grunnen til skiftet har ikkje noko med marknaden å gjere, men skuldast at korkje Vestre eller ha har etterkomarar som vil ta over, seier Skjelten.

Publisert: 09.09.2016 16:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00