Oseberg feltsenter Foto OLF Tom Haga
14 ÅR SIDAN SIST: Natt til i dag passerte oljeprisen 130 dollar fatet. Biletet viser Oseberg feltsenter i Nordsjøen. Foto: OLF/Tom Haga
Nytt

Oljepris over 130 dollar

Høgaste oljepris sidan 2008.

07.03.2022

Oljeprisen har stige 24 prosent på ei veke og passerte natt til i dag 130 dollar fatet. Det er høgaste pris sidan like før finanskrisa slo inn, i 2008.

Fredag 4. mars var prisen for eitt fat nordsjøolje for levering om ein månad 118,3 dollar fatet.

- Det er hamstring, siterer Wall Street Journal RBC Capital Markets-analytikar Michael Tran. Han peikar på at prisen for å leige ein oljetankar for å frakte olje frå Persiabukta til Asia har gått opp med 83 prosent på ei veke.

Oljekjøparane kjøper det dei kan for å bygge opp lager i tilfelle olje frå Russland blir enda vansklegare å få kjøpt framover, som ein følgje av krigen i Ukraina og vestlege sanksjonar mot den.

Oljekjøparar er allereie redde for å kjøpe russisk olje, og er uvisse på om det kjem direkte sanksjonar mot russisk oljeeksport.

Publisert: 07.03.2022 07:48

Sist oppdatert: 07.03.2022 07:50