Oljepris under botnen fraa 2016
OPPLAG: Dåverande Farstad Shipping la skip i opplag tidleg i 2015 etter at oljeprisfallet hadde sendt etterspørselen etter offshorfarty bratt nedover. Etterpå auka talet poå skip i opplag etterkvart som oljeprisen fall vidare. No har oljeprisen falle under botnnivået frå 2016.
Nytt

Oljepris under botnen frå 2016

Oljeprisen er meir enn halvert på ein månad. Fall under botnen frå 2016 i dag.

18.03.2020
Oljeprisfallet som starta i 2014 botna ut 20. januar 2016. Då blei Nordsjøolje for levering om ein månad handla for 27,88 dollar fatet. I dag har prisen vore ned i 27,56 dollar fatet.
Så seint som 3. januar i år var prisen 68,60 dollar fatet.

Priskrig og korona

Starten av mars blei Opec-landa og Russland ikkje samde om å kutte produksjonen.
Det utløyste ein priskrig som sende oljeprisen bratt nedover, eit fall som har blitt forsterka av tiltak for å begrense korona-epidemien. Dei har bremsa aktiviteten i økonomien, mellom anna ved at flytrafikken har gått ned. Konsekvensen en redusert etterspørsel, og ytterlegare oljeprisfall.

Snudde oppgang til nedgang

Analyseselskapet Rystad Energy har nyleg anslått at oljeetterspørselen på verdsbasis vil falle med ein halv million fat om dagen på grunn av koronaepidemien i år, med fallet konsentrert til 2. og 3. kvartal. Færre fly i lufta og mindre trafikk på vegane gjer at det trengst mindre olje.
Før koronaeffekten kom var spådommen ein auke i oljeforbruket på ein million fat om dagen i år.

Publisert: 18.03.2020 13:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54