Ivar Aasen feltet installering i 2016 foto Norsk Olje og Gass
NESTEN DOBLA OLJEPRIS: Plattformdekket til Ivar Aasen blei installert sommaren 2016, då oljeprisen låg rundt 50 dollar fatet. No er den omlag det doble. Ivar Aasen-feltet ligg vest for Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen og inneheld rundt 204 millionar fat oljeekvivalentar. Foto: Øyvind Knoph Askeland, Norsk olje og gass
Nytt

Oljeprisen mot 98 dollar

Høgaste pris sidan september 2014.

22.02.2022

Sidan årskiftet har prisen på eitt fat nordsjøolje stige med 25 prosent, og er i formiddag på sitt høgaste sidan september 2014.

Medan aksjemarknadane reagerte med fall, steig oljeprisen etter at president Vladimir Putin i natt varsla at han beordra russiske troppar til å gå inn utbrytarregionar aust i Ukraina.

Klokka 09:05kostar eit fat nordsjøolje for levering om ein månad 97,74 dollar.

I april 2020, etter at land i store deler av verda hadde innført smitteverntiltak mot koronaepidemien, var oljeprisen heilt nede under 20 dollar fatet. Smitteverntiltaka førte mellom anna til mindre bilkøyring og langt færre flyreiser.

Meir optimisme
Etter april 2020 har prisen på olje stige jamt og trutt, med berre kortvarige og mindre prisfall undervegs.

Prisauken har mellom ann bidratt til større optimisme blant offshorereiarane. Ratene stig og kontraktane blir lenger, var bodskapen då Sparebank1 SMN la fra sin årsrapport for 2020.

Den høge oljeprisen har ogs ført til ei mindre oljeproduksjonsselskap i USA har sett riggar som vinn ut skiferolje i arbeid igjen, medan andre og større selskap framleis er atterhaldne med å investere i ny produksjon, skriv Wall Street Journal.

Publisert: 22.02.2022 09:15

Sist oppdatert: 22.02.2022 09:16