Oljeverdiane fall med 50 mrd paa to aar
Troll A-feltet utanfor Bergen. 
Nytt

Oljeverdiane fall med 50 mrd. på to år

Eigarskapen til staten i olje- og gass blei mindre verd.

01.07.2020
(NPK-NTB): Eigarskapen staten har i olje- og gassindustrien, er verdsett til 1.044 milliardar kroner. Det er nesten 50 milliardar kroner mindre enn for to år sidan.
Trass i det enorme talet på over tusen milliardar er det ein reduksjon på 49 milliardar kroner sidan 2018. Det viser ei som Rystad Energy har gjort. Dei har vurdert Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) per 1. januar 2020.
Verdivurderinga er utført på oppdrag frå Olje- og energidepartementet.

Enorme verdiar

– Rapporten understrekar kva for nokre enorme verdiar SDØE-porteføljen representerer for den norske staten. Saman med skatte- og avgiftsinntektene frå olje- og gassverksemda og utbyta frå Equinor utgjer dei årlege inntektene frå SDØE betydelege tilskot til Statens pensjonsfond, seier statsråd Tina Bru (H) i ei .
Etter fleire år med svake oljeprisar steig prisen i 2018 og heldt seg relativt stabil i 2019.
Uro på tilbodssida og tiltak for å handtere koronapandemien har likevel ført til ein sterk ubalanse i oljemarknadene og eit kraftig oljeprisfall, i tillegg til svake gassprisar.

Ned frå 2020

Denne endringa i marknadsforholda forklarer mesteparten av verdireduksjonen frå 2018 til 2020. Olje- og energidepartementet skriv at svekt forventning til den norske krona og auka forventning til framtidig produksjon dempar noko av den negative effekten.
– Statens delar på norsk sokkel blir som resten av næringa påverka av lågare prisar. Olje -og gassindustrien er i ein krevjande periode, men dette er ein langsiktig industri. Som rapporten viser, vil Noreg nyte godt av ein betydeleg kontantstraum frå SDØE-porteføljen i mange år framover, seier Bru.
(©NPK)

Publisert: 01.07.2020 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59