Nytt
Olympic-pluss i tredje kvartal
Kreditorane og Olympic Subsea har sett 15. desember som ny frist for ein avtale. Har pluss-resultat i 3. kvartal og nye kontraktar i 4. kvartal.
08.12.2020
Forhandlingane om ei refinansiering av Olympic Subsea vart varsla då selskapet la fram reknskapen for 3. kvartal 2019, og fristen for å bli samde er utsett fleire gongar. Den siste fristen er førebels 15. desember i år, går det fram av kvartalsrapporten for 3. kvartal 2020.
"Det er framleis usikkert om og eventuelt på kva vilkår selskapet kan få til ei lengre løysing, og selskapet er framleis i brot med lånevilkåra, med tilhøyrande kryssmisleghald under selskapets obligasjonslåneavtalar," skriv selskapet i kvartalsrapporten.
I fjerde kvartal har reiarlaget sikra arbeid også i 2021 for fire skip, Olympic Delta, Olympic Artemis og Olympic Orion og eitt ikkje namngitt skip som skal leigast ut i samband med bygging av eit vindkraftanlegg til havs i Frankrike. Den avtalen vil gi arbeid både i 2021 og 2022, i følgje selskapet.
Lukkast det er kan han kome til å bestille ny båt alt neste år.
– Det viktigaste er at verkemiddelapparatet er til stades og at vi får til dei finansieringsordningane som er lagt inn i stortingsmeldinga. Om det blir gjennomført saman med desse endringane for GIEK, så kjem Olympic-systemet til å kontrahere båt i 2021, sa han til NETT NO.
"Det er framleis usikkert om og eventuelt på kva vilkår selskapet kan få til ei lengre løysing, og selskapet er framleis i brot med lånevilkåra, med tilhøyrande kryssmisleghald under selskapets obligasjonslåneavtalar," skriv selskapet i kvartalsrapporten.
10 av 11 skip i arbeid
Olympic Subsea hadde 10 av 11 skip i arbeid ved utløpet av 3. kvartal.I fjerde kvartal har reiarlaget sikra arbeid også i 2021 for fire skip, Olympic Delta, Olympic Artemis og Olympic Orion og eitt ikkje namngitt skip som skal leigast ut i samband med bygging av eit vindkraftanlegg til havs i Frankrike. Den avtalen vil gi arbeid både i 2021 og 2022, i følgje selskapet.
Optimistisk Remøy
Då Stig Remøy deltok på eit arrangement i regi av Norges Rederiforbund tidlegare i dag fortalde han at han er med i ei gruppe som arbeider for å etablere eit fond for å finansiere kondemnering av offshorefarty.Lukkast det er kan han kome til å bestille ny båt alt neste år.
– Det viktigaste er at verkemiddelapparatet er til stades og at vi får til dei finansieringsordningane som er lagt inn i stortingsmeldinga. Om det blir gjennomført saman med desse endringane for GIEK, så kjem Olympic-systemet til å kontrahere båt i 2021, sa han til NETT NO.
Publisert: 08.12.2020 14:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07