Selskapet har fått utsett frist for å betale renter og avdrag fram til 15. oktober.
Då Olympic Subsea la fram reknskapen for 3. kvartal 2019 varsla selskapet at det var i forhandlingar med långivarane sine.
Det var meldinga også då årsresultatet for 2019 vart offentleggjort, 12. mars i år. Der melde selskapet og om nedskriving av verdien på fem av skipa sine, med 163 millionar kroner.
"Som rapportert i siste kvartalsrapport har selskapet pågåande ein prosess med bankforbindelsane for å gjere tilpassingar på avdragsprofil på gjelda. Det er progresjon i planen for å forme ei ny langsiktig løysing. Ny waiver er gitt til 15. oktober 2020. Selskapet utsett betaling av renter og avdrag i perioden. Ein av långivarane har tredd ut av bankgruppa og har intensjonen å avslutte sitt finansieringsforhold med selskapet og resten av bankgruppa. Denne långivaren sin posisjon har medført at selskapet er i brot med lånevilkåra. Dette har utløyst kryssmisleghald under selskapets obligasjonslåneavtalar, og kravet er gitt avkall frå av bankgruppa i perioden. Selskapet har og vil fortsette dialogen med Nordic Trustee med hensyn til obligasjonslåna. Det er usikkert om og eventuelt på kva vilkår selskapet kan få til ei lengre løysing."
Selskapets bokførte eigenkapital er minus 59 millionar kroner og selskapet har ei renteberande gjeld på 2,99 milliardar kroner.
Største eigar er Stig Remøys selskap SRR Invest med 69,3 prosent av aksjane.
Sjå resultattabell til høgre - på mobil finn du den nederst på sida
Då Olympic Subsea la fram reknskapen for 3. kvartal 2019 varsla selskapet at det var i forhandlingar med långivarane sine.
Det var meldinga også då årsresultatet for 2019 vart offentleggjort, 12. mars i år. Der melde selskapet og om nedskriving av verdien på fem av skipa sine, med 163 millionar kroner.
Brot med lånevilkåra
I rapporten for 1. kvartal melde selskapet at det var i brot med lånevilkåra, noko som framleis er tilfelle. Ein av bankane vil trekkje seg, og det har utløyst at selskapet ikkje oppfyller lånevilkåra, i følgje kvartalsrapporten for 2. kvartal 2020:"Som rapportert i siste kvartalsrapport har selskapet pågåande ein prosess med bankforbindelsane for å gjere tilpassingar på avdragsprofil på gjelda. Det er progresjon i planen for å forme ei ny langsiktig løysing. Ny waiver er gitt til 15. oktober 2020. Selskapet utsett betaling av renter og avdrag i perioden. Ein av långivarane har tredd ut av bankgruppa og har intensjonen å avslutte sitt finansieringsforhold med selskapet og resten av bankgruppa. Denne långivaren sin posisjon har medført at selskapet er i brot med lånevilkåra. Dette har utløyst kryssmisleghald under selskapets obligasjonslåneavtalar, og kravet er gitt avkall frå av bankgruppa i perioden. Selskapet har og vil fortsette dialogen med Nordic Trustee med hensyn til obligasjonslåna. Det er usikkert om og eventuelt på kva vilkår selskapet kan få til ei lengre løysing."
11 skip
Olympic Subsea har ein flåte på 11 offshorefarty, som er utleigd til undervassopersjonsoppdrag for oljebransjen og til offshore vindkraft-bransjen. Alle fartøya var utleigd ved utløpet av 2. kvartal.Selskapets bokførte eigenkapital er minus 59 millionar kroner og selskapet har ei renteberande gjeld på 2,99 milliardar kroner.
Største eigar er Stig Remøys selskap SRR Invest med 69,3 prosent av aksjane.
Sjå resultattabell til høgre - på mobil finn du den nederst på sida
Publisert: 29.09.2020 14:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03