Om du vil lukkast i India maa du ta sosialt ansvar
MUMBAI-ULSTEIN: Hilde Marte Garnes og Akshat Gupka saman med eldstesonen Riaan (9). Saman har dei på få veker samla inn 14 millionar kroner til matpakkar til koronautsette familiar i Mumbai, i tillegg til at dei har bygt toalett og bidrege til undervisning.
Nytt

- Om du vil lukkast i India, må du ta sosialt ansvar

Saman med kona Hilde Marte Garnes, satsar Akshat Gupta både på business og humanitært arbeid i Mumbai. Han har gode råd til norske forretningsfolk.

13.06.2020
- Det er enorme mulegheiter for norske bedrifter i India, men då må ein vite at for å lukkast så må ein ta sosialt ansvar.
- Eg har sett altfor mange norske forretningsfolk som reiser til India på business class på fly, bur på flotte hotell og et på flotte restaurantar. Desse lukkast sjeldan.
Det seier Akshat Gupta (40), som bur i Mumbai saman med kona Hilde Marte Garnes (40) frå Ulsteinvik. Ho er smykkedesignar og har eigen butikk, medan han er eigedomsutviklar og har blant anna stått bak bygginga av fleire kinoar i Mumbai.
Dei er også sterkt inne i humanitært arbeid. Meir om det seinare.
Paret bur no ein periode på Flø i påvente av at koronasituasjonen i Mumbai skal betre seg.

- Må vise at ein bryr seg

I India bur det no rundt 1,4 milliardar menneske, og berre i Mumbai bur det 24 millionar.
Landet har sidan 1990-talet vore av verdas raskast veksande økonomiar. I ei oversikt frå Verdsbanken i 2019, kom India på femteplass.
Men samstundes er India mykje lenger nede på lista over land det er lett for utanlandske selskap å lukkast i, trass i sterk vekst og ein liberal økonomisk politikk.
Av norske selskap er det ikkje mange som hittil har lukkast i stort omfang. Akshat Gupta trur mykje av forklaringa ligg i kulturforståing.

Gupta fortel at alle selskap er etter 2014 lovpålagde å betale to prosent av resultatet til sosiale tiltak, men at dette i dei fleste tilfelle ikkje er nok for å lukkast.
- I tillegg til det du er lovpålagd å bidra med, bør du også vise i praksis at du bryr deg.

- India er ei historie

Han seier at dei fleste som trur det er mogleg å kome til India for å tene kjappe pengar, vil mislukkast.
- India er ikkje ein statistikk eller eit tal. India er ei historie.
- Du må lære å kjenne land, folk og kultur for å lukkast. Og gjer du det, kan det gå verkeleg bra.
Sjølve har paret tatt sosialt ansvar, spesielt for dei aller fattigaste gjennom hjelpeprosjektet fromu2them.
Sidan koronapandemien starta, har paret samla inn rundt ni millionar kroner.
Bakgrunnen er at koronapandemien har ført til hungersnaud for fattige som lever frå dag til dag, og saman med partnerar har paret hittil delt ut 4,5 millionar måltid.
- Vi reknar med at vi har vore med å forbetre livet til rundt 200.000 menneske, dei som har nesten ingen ting frå før.

Første indiske vakuumtoaletta

Men dei har også gjort meir. Dei har bidrege til undervisning av slum- og gatebarn, eit prosjekt som starta med undervisning på fortaua, til å få mange av gate- og slumbarna inn på skule, der paret og vener no hjelper til med leksehjelp.
I tillegg har dei fått på plass fleire toalett, både i slumområda og i dei travlaste områda med mykje menneske.
To av toalettbygga har vakuumtoalett frå Jets på Hareid.
- Dette var første vakuumtoaletta i India, og storhendinga vart vist på TV og i aviser over heile India.
Paret fortel at det er millionar av menneske i Mumbai som ikkje har tilgang til eige toalett.
I slummen er det gjerne eitt toalett for kvart tiande bustadskur, der det gjerne bur seks-sju i kvart skur.

Skule og toalett

Dei fortel at spesielt om natta er det farleg for barn og unge jenter å gå til stranda eller andre stader, og at mangelen på toalett er også ein sikkerheitsrisiko, i tillegg til å vere ein stor hygienisk risiko.
- Vi satsar i stor grad på utdanning og sanitære løysingar, seier Hilde Marte Garnes.
- Det er det som har best effekt for dei som treng det mest.
Paret møttest som utvekslingsstudentar i Singapore, og har no vore gifte i 22 år. Dei har barna Riaan (9) og Sebastian (7).

Jotun og Jets

Frå stova på Flø arbeider dei rundt ti timar dagleg med innsamlingsaksjonen.
Dei håper på stor støtte frå norske privatpersonar og bedrifter.
- Vi har blant anna fått støtte frå Jotun i India, i tillegg til eit toalett frå Jets.
Dei seier at sjølv små bidrag har stor effekt for fattige utsette familiar i Mumbai.
- Ja, det skal svært lite til før ein bidreg til avgjerande hjelp for nokre av dei mest utsette menneska på jorda.
- Det er det som gjer arbeidet så meiningsfullt, i tillegg til at ein får enormt med glede og takksemd tilbake.
India er ikkje ein statistikk eller eit tal. India er ei historie

Publisert: 13.06.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58