Omstilling skal gjere Sykkylven mindre saarbare
OMSTILLING: Nye næringar var mellom temaene då Egil Sundet frå Norsk Industri besøkte Sykkylven og Åsne Folstad i Sykkylven Næringsutvikling i fjor. Folstad sa også då at det var viktig at kommunen fekk fleire bein å stå på.
Nytt

Omstilling skal gjere Sykkylven mindre sårbare

Nytt prosjekt skal finne ut korleis møbelkommunen kan få fleire bein å stå på. Fylkespolitikarane vil bidra med halvparten av kostnadane. 

Marius Rosbach
20.05.2020
Eit samrøystes kultur- næring- og folkehelseutval i Møre og Romsdal, vedtok tysdag å løyve ein halv million kroner til eit forprosjekt for omstilling i Sykkylven.
Målet er å lage tydelege mål og peike på nye satsingsområde. Til sist skal det ende ut i ein handlingsplan med analyse av moglegheiter og utfordringar.

Mange ledige i møbelindustrien

Bakgrunnen er at kommunen er mellom dei mest sårbare i landet med eit svært einsidig næringsliv. Sårbarheita til kommunen har kome tydeleg til syne under koronakrisa, då Sykkylven har vore Svært mange av dei som har meldt seg ledige kjem frå Ekornes og møbelindustrien.
– Sykkylven og Møre og Romsdal skal vere stolte av det særs oppegåande produksjonsmiljøet i Sykkylven, og vi skal utvikle dette vidare inn i framtida. Men bygda og næringslivet treng fleire bein å stå på, for å stå stødigare i neste krise, og den etter der, står det i saksutgreiinga.
I søknaden kjem det fram at ein vil konsentrere arbeidet kring omstilling i næringane, framfor bulyst og omdømmetiltak.

Vil ta vare på spisskompetansen

Kommunen har i lengre tid jobba saman med Sykkylven Næringsutvikling om same tema, men tek med dette prosjektet steget over i eit systematisk omstillingsarbeid.
– Det kanskje aller viktigaste, er å ta vare på den spisskompetansen som finst i bygda, så teste om den kan brukast på nye område, heiter det i til fylkespolitikarane.
Tilskotet frå fylkeskommunen sine regionale utviklingsmidlar, utgjer halvparten av kostnadene med prosjektet, og Sykkylven kommune skal dekke den andre halvparten.

Les også:




Analyse:


Publisert: 20.05.2020 12:15

Sist oppdatert: 13.02.2022 11:02