Opna «mini-helsehus» i sentrum
Ei rekke helsetilbod har flytta saman i Ulsteinvik og fekk besøk av ordføraren ved opninga.
Onsdag opna nye Nordvestklinikk i Ulsteinvik sentrum. Helsetilbodet består av fleire ulike aktørar som har flytta saman i 3. etasje ved Convexbygget – og som mellom anna får tilvekst av ein øyre-nase-hals-spesialist.
Ove Trond Humborstad har spesialistavtale med Helse Midt-Norge som gjeld for søre Sunnmmøre. Han vil no tilby tenester gjennom selskapet Sunnmøre Øre-Nese-Hals i det som blir eit slags «mini-helsehus».
– For min del var det ei moglegheit til å prøve noko nytt, fortel Humborstad til NETT NO.
Greit for pasientane med samlokalisering
Humborstad har bakgrunn frå fleire større sjukehus på Austlandet og Ålesund sjukehus.
Til no har alle pasientar sør for Breisundet vore nøyd til å reise til Ålesund for behandling. No håpar Humborstad at mange av desse i staden vil velje Ulsteinvik.
– For pasientane sin del trur eg det er greitt at vi er samlokalisert midt i sentrum. Planen er å bygge opp eit kvalitetstilbod her ute, slik at folk slepp å reise so langt, legg han til.
Les meir: Privat helseklinikk satsar
Vil ta ein større bit av helsemarknaden
Etablert i 2017
Nordvestklinikk blei etablert i 2017 av Mimmi Kvalsund Ulstein, Torstein Bjørndal, Håvard Ramsli og Nordvest Naprapatklinikk, som Ole Theodor Hovden står bak. I 2018 kom radiologen Kristian Vigdel Kolsnes inn som medeigar.
Dei fleste helseaktørane som no flyttar saman i nyoppussa lokalar, har tidlegare halde til ved Stålhaugen i utkanten av sentrum.
– Vi trengde meir plass, også såg vi at det var lurt å vere plassert meir sentralt i sentrum med kort veg til busshaldeplass og slikt, fortel Ole Theodor Hovden til NETT NO.
Bedriftshelseteneste og augelege
Bedrifthelse1 – ei kjede med avdelingar fleire stader på Vestlandet – har også fått plass i same etasje. Aktørane har gått saman om eit eigedomsselskap som har kjøpt ut heile etasjen.
I februar opnar også augelege i første etasje på sentrumsbygget. Dei lokala er no er under oppussing.
Tilbodet i «mini-helsehuset» vil dermed bestå at alt frå øyre-, nase-, hals-lege, radiolog, gynekolog og audiograf, til vaksinasjonstenester, sjømannslege, offshorelege og dykkarlege på same stad. I tillegg har dei altså bedriftshelseteneste, naprapati - og snart augelege.
Les også: Ably Medical skal hente mer penger
Flytting ga knekk i lønnsomheten for Medi3
Skipssykehus cruiser inn i nytt marked
Leder for helseklynge: – En mulighet vi ikke bør la gå fra oss
Vi trengde meir plass, også såg vi at det var lurt å vere plassert meir sentralt i sentrum med kort veg til busshaldeplass og slikt
Publisert: 22.01.2020 16:01
Sist oppdatert: 03.11.2023 13:43