Fylkesting ulsteinvik fylkeskommunedirektør guttelvik foto marius 11
PÅ GANGEN: Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik var mellom dei som måtte finne seg i å gå på gangen medan fylkestinget diskuterte om møtet skulle lukkast. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Opna opp om bitter konflikt

Fylkestinget ber om hjelp i bitter strid mellom fylkeskommunen og revisjonen.

Marius Rosbach
25.04.2022

Fylkesordførar Tove-Lise Torve i Møre og Romsdal fortalde ved starten av fylkestinget måndag om den bitre konflikten mellom kontrollutvalet og revisjonsfirmaet til fylkeskommunen.

Følg direktesending frå fylkestinget (ekstern lenke)

Etter ei ope orientering bad Torve fylkestinget vurdere om møtet skulle lukkast med omsyn til at det dreia seg om ei personalsak, som kunne innehalde opplysningar omfatta av tauhetsplikt.

I den påfølgande voteringa gjekk eit stort fleirtal inn for at møtet skulle vere ope.

Konflikt mellom Torve og kontrolldirektøren
Torve viste innleiingsvis til ei bekymringsmelding frå Møre og Romsdal Revisjon, som gjaldt kontrolldirektøren og kontrollutvalet sin leiar. Torve påpeika at begge to avviser skuldingane og at dei har fått råd om korleis dei kan få hjelp i saka.

- Målet har heile tida vore å finne ei løysing som gjer at samarbeidet mellom fylkeskommunen og vår revisor, kan førast vidare, sa Torve.

Undervegs har det tydeleg skåre seg mellom fylkesordføraren og kontrolldirektør Tor Harald Hustad. I eit brev til alle fylkestingrepresentantane retta Hustad kraftig kritikk mot Torve si handtering av saka.

Kjenner seg ikkje igjen i kritikk
Fylkesordføraren kom inn på kritikken, som mellom anna er omtala i Sunnmørsposten.

- Desse påstandane kjenner eg meg ikkje igjen i. Eg konstaterer at vi har ulike oppfatning av verkelegheita, la Torve til.

Fylkesordføraren hevda at Hustad sjølv hadde teke opp at han var open om å forhandle om ein sluttavtale. I ein e-post sendt fylkesutvalet blir dette initiativet stadfesta, ifølgje Torve.

Vidare meinte ho det må vere opp til fylkestinget korleis saka blir handtert.

Sve var kritisk til å lukke møte
Frank Sve (Frp) gjekk på talerstolen før møtet blei lukka og uttalte seg kritisk til å utestenge offentlegheita.

Han var også kritisk til at fylkestinget ikkje hadde blitt orientert tidlegare, og meinte fylkeskommunen burde ta kontakt med kommunaldepartementet for å få bistand.

Etter det blei avklart at møtet skulle vere ope, vedtok også fylkestinget at dei skulle hente inn ekstern hjelp frå departementet i saka.

Nestleiar har trekt seg
Striden har mellom anna ført til at nestleiar Elise Fiske har bedt seg friteken frå vervet i kontrollutvalet.

I søknaden kjem ho med krass kritikk av korleis utvalet har fungert. Fiske meiner utvalet ikkje fungerer og ber også fylkestinget om å skifte ut alle medlemmane.

Publisert: 25.04.2022 14:29

Sist oppdatert: 25.04.2022 14:57

Mer om