Skeidar og Mobleringen i Alesund
TRE KONKURRENTAR TETT I TETT: Møbelringen-lokala i Breivika i Ålesund og både Skeidar (biletet) og Bohus som nære naboar.
Nytt

Opnar ny Møbelringen-butikk

Møbelhandlarar på Austlandet satsar i Ålesund.

03.04.2025

Det er Bjørn Tidemand-Johannessen, Andreass Pinnerød, Even Woldøen, Jon Krogsrud og Terje Johan Mork som har gått saman om å starte ny Møbleringen-butikk i Breivika i Ålesund. 

Tilsaman er dei eigarar i 12 Møbelringenbutikkar, dei fleste på Austlandet. Møbelringen i Ålesund skal dei eige med ein femtepart kvar, seier styreleiar Bjørn Tidemand-Johannessen.

Dei tok over butikklokala i går og er i gang med oppussing. Planen er å opne i juni. Forventninga er ei årleg inntekt på 30 millionar kroner frå butikken, ifølgje Tidemand-Johannessen.

Selskapet som dreiv Møbelringen-butikk i lokala før har hatt opphøyrsal og skal leggast ned. Det selskapet hadde 24 millionar kroner i driftsinntekt i 2023 og gjekk med 0,4 millionar kroner i minus. 

Publisert: 03.04.2025 15:52

Sist oppdatert: 03.04.2025 15:52